To gonger i året skal kontaktlærar ha ein planlagt og strukturert samtale med foreldre/føresette.
I utviklingssamtalen skal det vera dialog, og ein skal drøfta korleis det går både fagleg og sosialt. Samtalen skal bidra til vidare utvikling. Den skal munna ut i ei oppsummering der elev, lærar og foreldre vert samde om kva det særleg skal leggjast vekt på i det vidare arbeidet.
Canvas vil vera ein støtte i dette arbeidet, slik at ein kan sjå utvikling over tid. Foreldre har eige brukarnamn og passord til canvas.