Informasjon om koronaviruset

 

* Oppdatert informasjon om koronaviruset

Kva for nokre nasjonale reglar og anbefalingar gjeld nå?

Nasjonale anbefalingar og reglar frå 5. november: 

  • Alle bør i størst mogleg grad halda seg heime og avgrensa sosial kontakt med andre menneske i dei komande vekene.
  • I private heimar, hagar eller hytter bør du ikkje ha meir enn fem gjester i tillegg til husstandsmedlemmar.
  • Unge og vaksne som har vore i situasjonar der det ikkje har vore minst ein meters avstand, bør halda to meters avstand til personar i risikogruppa.
  • Unngå unødvendige innanlandsreiser.
  • Maks 20 personar på private arrangement når du leiger/låner eit lokale på ein offentleg stad. Det kan for eksempel gjelda dåpsselskap, bryllaupsfest, konfirmasjonsfeiring eller bursdagsfeiringar, firmafest eller julebord i eit offentleg lokale.
  • Nasjonal skjenkestopp på alle serveringsstader ved midnatt.
  • Stans på innslipp av nye personar på serveringsstader med skjenkeløyve etter kl. 22 i heile landet.

Les alle nasjonale regler og anbefalinger på helsenorge.no.

Regel som blir anbefalt på Jæren (Hå, Klepp, Time og Gjesdal) frå 10. november

  • Bruk munnbind når du nyttar deg av offentleg transport.

Information in English

استخدم الكمامة في وسائل النقل العامة

Her er tips til korleis du brukar munnbind:

 

Testing

Kven skal testa seg?

Alle med nyoppståtte luftvegssymptom (inkludert sår hals eller naseforkjøling) eller som mistenker at dei er smitta av covid-19, bør testa seg.

Hugs å halda deg heime og unngå kontakt med andre mens du venter på å testa deg.

 

Slik bestiller du tid 

Du treng ikkje ha henvisning frå lege for å bestilla covid 19-test.

Bestilling av koronatest gjer du på nettsida www.c19.no.
Logg inn med elektronisk ID, oppgje kontaktinformasjon og kryss av for om du bestiller time til deg sjølv eller til ein annan. Straks du har sendt inn skjemaet får du informasjon om når og kvar du skal møta opp. Tida du må venta kjem an på testkapasiteten.

Alternativt kan du ringa til legevakta for å bestilla tid for test.

  • Dagtid 08-15: ring 51 68 31 50
  • Kveld og helg: ring 51 42 99 99

Treng du rettleiing når du skal bestilla testing på www.c19.no, ring servicetorget: 51 79 30 00.

 

Kor og korleis føregår testinga?

Det er framleis luftvegslegevakta i Olav Hålands veg 2 på Kleppe, som utfører koronatestar. Ingen må møta opp utan avtale. Det er dessutan viktig at ein møter opp presis til den tida ein får tildelt, og ikkje lenge før. Det vil skapa unødig kø.

Du kan køyra bil, sykla, gå eller liknande til teststasjonen, men du kan ikkje bruka offentleg transport. 

Helsepersonell kjem ut til deg i bilen og tek prøven ved hjelp av bomullspinnar som dei stikk ned i svelget og opp i nasen.

 

Kva må eg gjera dersom eg kjenner meg betre?

Kjenner du deg betre etter at du har bestilt time for testing, møt opp og ta testen uansett. Må du avbestilla av andre grunnar, logg inn igjen på www.c19.no, og trykk på avbestillingslenka under bestillinga di. 

 

Til deg som venter på prøvesvar

Hovudregelen er at du som ventar på prøvesvar skal halda deg heime til du har fått svar. Du skal ikkje gå på jobb eller skule, du skal ikkje ta offentleg transport eller oppsøka offentlege stader, og du skal halda god avstand til alle andre enn dine næraste. Dei du bur saman med treng ikkje å vera i karantene, heller ikkje husstandsmedlem som jobbar i helsetenesta.

Ved negativ test kan du gå tilbake på jobb/skule når du er i god allmenntilstand (det vil seia at du føler deg frisk og er feberfri), sjølv om du framleis har nokre symptom på luftvegsinfeksjon. 

 

Barn med symptom

Barn i barnehage og barneskule med lette symptom på luftvegsinfeksjon kan sjå an symptoma heime eit par dagar før testing. Ved rask betring kan dei gå tilbake til barnehage/skule utan å testa seg. Barn med rennande nase som einaste symptom, som elles er i god allmenntilstand utan andre teikn på nyoppstått luftvegsinfeksjon, behøver ikkje haldast heime eller testast.

For elevar på ungdoms- og vidaregåande skule gjeld same reglar som for vaksne.

Barn kan koma tilbake til barnehage eller skule når dei er friske igjen, altså er feberfrie og i god form (tilbake til sin normale tilstand). Dette gjeld også sjølv om dei framleis har litt symptom. 

Små barn med snue som einaste symptom treng ikkje vera heime. Dette gjeld uavhengig av fargen på snuen. Hvis barnet i tillegg til snue har andre teikn på sjukdom, f.eks. orker ikkje leika, har feber, hoste, vondt i halsen eller anna,  skal barnet haldast heime.

 

Når får du svar på testen?

Normalt kan du rekna med prøvesvar etter eit par dagar, men i periodar med stor pågang vil du måtta venta lenger på resultata. Det er ikkje Hå kommune som behandlar analysane, og me har ikkje sjansen til å framskunda testsvar, eller bekrefta negative prøvesvar. 

Alle busette i Norge med norsk personnummer eller d-nummer, skal logga seg på helsenorge.no for å sjå prøvesvar der. Du vil ikkje få varsel når prøvesvara blir synlige i tenesten. 

Alle må halda seg heime til dei er heilt symptomfrie. Det gjeld sjølv om testen er negativ. Kommunen følgjer opp dei som får påvist covid-19.

Skal du testast for covid-19 er det lurt å begynna og skriva opp personar du har vore i nær kontakt med.

Sjå Helsenorge for meir informasjon om koronavirus.

 

 

Kven kan du kontakta?

Alle som mistenker at dei kan vera smitta av covid-19 kan bestilla test her www.c19.no

Fastlegen

Føler du deg sjuk er det viktig at du kontaktar fastlegen din for ei vurdering først, for å utelukka moglegheiten for andre alvorlege sjukdommar. 

 

Akutt og alvorleg sjukdom

Er du alvorleg sjuk skal du kontakta fastlege eller legevakt 116 117 for helsehjelp. Treng du akutt helsehjelp skal du ringa 113. 

Folkehelseinstituttet gir råd og rettleiing på tlf. 815 55 015 (open kvardagar 08.00-15.30)
Kontakt legevakta på 116 117 ved akutt nyoppstått eller forverra sjukdom.

 

Servicetorget

Servicetorget svarar på generelle spørsmål om korona 51 79 30 00 (open kvardagar 07.45-15.15).

 

Informasjon om koronavirus

Frå og med 30. april er ikkje lenger den lokale koronatelefonen i drift. Om du har spørsmål om korona som du ikkje får avklart ved å lesa på nettet, kan du ringa 815 55 015.

Les dette før du ringer:

  • Sjekk alltid nettsidene www.fhi.no, www.ha.no/korona eller www.koronasjekk.no før du ringer
  • Er du helsepersonell og lurer på om du kan gå på jobb; drøft med leiaren din.
  • Har du behov for legetime eller lurer på ting som har med fastlegetenestene å gjera, ringer du legekontoret ditt eller legevakt på vanleg måte.

Svar på dei vanlegaste spørsmåla om koronaviruset finn du på Helsenorge. 

 

Turistar og andre utan fastlege

Viss du er turist eller besøkande i Hå utan fastlege i regionen og får symptom som kan skuldast covid-19, skal du kontakta legevakta på 116 117. Legevakta organiserer testing. Symptom som kan tyda på covid-19 er luftvegsinfeksjon med anten feber, hoste eller tung pust i tillegg. Alle med nyoppstått luftvegsinfeksjon bør testa seg. 

 

Kommuneoverlege i Hå kommune

Gerd Signy Solberg Omland

E-post: gsso@ha.kommune.no

 

Kor mange er smitta i Hå?

40 personar som er busett i Hå, har testa positivt på korona i løpet av året 2020. Det siste tilfellet er registrert 13.11.

Oversikt smittesituasjonen i Hå
Månad Smittetilfelle
Januar 0
Februar 0
Mars 6
April 1
Mai 0
Juni 0
Juli 0
August 0
September 3
Oktober 19
November 10
Desember

I tillegg var det eit smittetilfelle registrert medan ein innbyggar var i heimlandet sitt.

NB! Me registrerer ikkje nye smitta i denne oversikten dersom dei er studentar, bur og er registrerte i andre kommunar. Dersom studentar vel å koma heim i isolasjon og karantene, påvirker ikkje det statistikken til Hå.

Reiser

Reiser

Per 5. november er rådet å unngå unødvendige reiser innanlands. 

Utanriksdepartementet ber alle om å unngå reiser til utlandet som ikkje er strengt nødvendige. Reiserådet gjeld til 15. januar. 

Her finner du meir informasjon om utenlandsreiser og koronavirus.

 

Innreise til Norge

Kjem du til Norge frå eit land med høg smitte, er det per 5. november krav om dokumentert negativ koronatest som er maks 72 timar gammal. 

Hvis du ikkje har fast bopel eller har dokumentert godkjent karantenested frå arbeidsgivaren din, er det krav om at du oppheld deg på eit karantenehotell. 

 

Røde og gule land

Smittesituasjonen kan endra seg raskt, og nasjonale styresmakter vurderer kva for nokre land som er raude og gule. Dette kan endra seg raskt og situasjonen kan snu på kort tid. Du har dermed sjølv ansvar for å følga med etter at du har kome heim frå ei reise.

Smittesituasjonen blir vurdert fortløpande av helsestyresmaktene. Oppdatert oversikt over status på raude og gule land finn du her på Folkehelseinstituttets nettsider.

 

Spørsmål og svar om innreise til Norge

Her er ofte stilte spørsmål og svar frå regjeringa om innreise til Norge.

Karantenehotell

Frå og med 9. november er det særlege reglar om opphaldsstad for karantene når du kjem til Norge frå utlandet. Du skal opphalda deg 10 dagar på karantenehotell etter innreise. Desse føringane er nasjonalt bestemt.

Du treng ikkje gjennomføra reisekarantenen på karantenehotell dersom:

  • du er folkeregistrert i Norge eller eig ein bustad i Norge
  • arbeidsgivar sørger for egna opphaldsstad, med einerom

Dokumentasjon på opphaldsstad og bustad må dokumenterast når du kjem til landet. Det er grensepolitiet som gjer denne kontrollen når du reiser inn til Norge. 

Har du spørsmål om innreisekarantene, ta kontakt med grensepolitiet:  bcp.svg@politiet.no 

Hå kommune har ingen sjanse for å gi dispensasjon til andre opphaldsstader. 

 

Personar som er på karantenehotell må betala ein egenandel for opphaldet. Egenandelen er på 500 kroner per døgn for privatpersonar og 1500 kroner per døgn for arbeidsgivarar. Resten av utgiftene vil bli dekka av kommunane som igjen får det dekka av staten.

 

Hotell blir avklart ved innreise

Du som reiser inn skal ikkje booka rom på hotella sjølv. Planlegger du å vera på karantenehotell etter at du kjem til Sola flyplass, blir du henvist til hotellet av grensekontrollen.

Nasjonale styresmakter godkjenner ikkje hotell som er bestilt av den enkelte eller korttidsleige som godt nok for å hindra smitte frå utlandet. Ingen kan heller vera i karantene i andre sin bustad.

 

Ta ein koronatest før du dreg frå flyplassen

Testsenteret på flyplassen er ope for alle som kjem med fly. Ta ein koronatest før du dreg frå flyplassen. Det vil også bli mogleg å bestilla ein test etter ca. fem dagar på karantenehotellet. Informasjon om dette tilbodet får du på karantenehotellet. 

Les kva regjeringen.no skriv om karantenehotell her.

Arrangement

Nye råd på kor mange som kan vera samla:

  • Heime i stova kan du bare samla fem gjester utanom dei du bur saman med. 
  • Private arrangement på offentleg stad kan maks samla 20 gjester. I dette inngår bryllaup, konfirmasjonar, bursdagar, julebord og festar som ikkje er opne for alle.
  • Opne arrangement på offentleg stad utan fastmonterte sete kan maks ha 50 gjester samla (For eksempel konsertar, kulturkveldar osv). Arrangør er utanom dette talet, men det må sjølvsagt vera eit begrensa antal. Ein kan ikkje ha 20 arrangørar i tillegg til 50 gjester. På julemesser, juleverkstader og liknande lagstilstellingar kan arrangørtalet verta stort – då må du som ansvarleg arrangør vurdera å redusere antal gjester, slik at de kan halda gjeldande avstandsreglar og unngå at det blir uforsvarleg mange personar samla i lokalet.
  • Innandørs kan det vera inntil 200 personar på arrangement der alle i publikum sit i fastmonterte sete.

 

Me ønsker å minna om at alle private arrangement er pålagde å ha ein ansvarleg person som skal:

  1. Ha nedskriven gjesteliste med kontaktinformasjon som blir oppbevart i 14 dagar.
  2. Sjå til at smittevernreglane vert overhaldne og gjera det mogleg å ta vare på god hygiene. 
  3. Sørga for at sjuke personar ikkje er til stades på arrangementet.

 

Det er anbefalt at du bør ha oversikt over kven du er saman med i løpet av ei veke, og du bør vera saman med færrast mogleg. 

På folkehelseinstituttets nettsider (FHI) finn du gjeldande reglar for arrangement. Arrangøren har ansvaret for at retningslinjene blir fulgt. Her finn du og sjekklister du kan bruka for å ivareta smittevern.

Kommunen er pålagt oppgåva å ha tilsyn med smitteverntiltaka ved alle typar arrangement. Det er likevel verd å merka at det er arrangør som har ansvaret for at smittevernet blir teke i vare.

Sjukeheimar og velferdssenter
  • Det er mogleg å besøka bebuarar ved Hå sjukeheim og Klokkarhagen sjukeheim – men alle må ringa og avklara besøk med avdelinga på førehand.
  • Varhaug bu- og velferdssenter og Olsvoll bu- og velferdssenter har også ope forbesøk, men alle besøk må avtalast på førehand (Varhaug: 415 32 742 , Olsvoll: 415 32 779), og alle besøkande må registrera seg i besøksprotokollen.
  • Inntil vidare er det ikkje mogleg for frivillige lag og organisasjonar å leiga lokale på dagsenter eller helseinstitusjonar.
Kva gjer du viss du treng legetilsyn?
  • Kvardagar kl 08-15: Ring fastlegen din
  • Helg kl 08-23 og kvardagar kl 15-23: Ring legevakt på 116 117
  • Nattestid heile veka kl 23-08: Ring legevakta 116 117
  • Du vil få beskjed om kor du skal møta opp.
  • Ingen skal møta opp utan å ringa fyrst!
  • Pasientar med luftveisplagar må fortrinnsvis handterast av fastlegekontora via telefon eller videokonsultasjon.
Felles luftvegslegevakt i Klepp

I samband med koronapandemien har Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå etablert felles luftvegslegevakt på Kleppe. Frå 2. juni vil legevakta på Sandnes overta som luftvegslegevakt på dagtid, medan legevakta på Kleppe fortset med dette kveld og helg.

OBS! Innkøyringa til luftvegslegevakta frå Jærvegen er stengt inntil vidare. Det er omkøyring via Jærhagen. 

 

Du finn meir informasjon her: 

Felles luftvegslegevakt i Sandnes og Klepp

 

Denne legevakta er berre for personar med symptom på luftvegssjukdom som treng legetilsyn. Helsepersonell vil avgjera om pasientar skal testast.

 

Slik fungerer den nye luftvegslegevakta

Kva gjer eg viss barnet mitt/ungdommen min har symptom?

Mange foreldre er usikre på korleis dei skal vurdera om barn med luftvegssymptom treng å vera heime.

Folkehelseinstituttet har laga eit flytskjema for å hjelpa føresette med denne vurderinga.

 

Når skal du testa deg og vera heime?

 

1. Alle med nyoppståtte luftvegssymptom (inkludert sår hals eller naseforkjøling) eller som mistenker at dei er smitta av covid-19, bør testa seg. Du skal vera heime fram til negativ test føreligg og du er i god form. Du treng altså ikkje vera heilt symptomfri så lenge testen er negativ. Dersom du vert heilt symptomfri før testsvaret føreligg, kan du gå på skule/jobb.

 

2. Barn i barnehage og barneskule med lette symptom på luftvegsinfeksjon kan sjå an symptoma heime eit par dagar før testing. Ved rask betring kan dei gå tilbake til barnehage/skule utan å testa seg. Barn med rennande nase som einaste symptom, som elles er i god allmenntilstand utan andre teikn på nyoppstått luftvegsinfeksjon, behøver ikkje haldast heime eller testast.

 

3. Ungdom i ungdomsskule og vgs gjeld som under punkt 1, altså tilsvarande som vaksne.

Når skal ungdom og vaksne vera heime frå skule/arbeid og testa seg?

Råd til serveringsstadene

Serveringsstadene i Hå kommune som er opne for gjester, må følgja retningslinjene i Covid-19-forskriftens §14a. I tillegg må alle serveringsstadene følgja bransjestandarden som er utarbeida for serveringsstadene. 

Me minner spesielt om at alle må sørga for å halda god avstand til kvarandre (minst ein meter), vaska hendene ofte og ha god hoste- og nysehygiene.

Elles viser me til informasjon på nettsidene til Helsedirektoratethelsenorge.no og Folkehelseinstituttet

 

Registrering av gjester

Me oppmodar serveringsstadene til å registrera gjester som samtykker til det.

Driv du ein skjenkestad, skal du registrera alle gjestene som samtykker til det. Det er nok å registrera opplysningane til ein person i kvar gruppe. Serveringsstaden skal likevel oppmoda til at flest mogleg oppgir kontaktopplysningar.

 

Opningstider skjenkestadene

Frå midnatt, natt til laurdag 7. november gjeld desse reglane:

  • Nasjonal skjenkestopp kl 24.
  • Serveringsstader med skjenkeløyve kan ikkje sleppa inn nye gjester etter kl 22.

Tilsyn

Kommunen vil halda fram med meldte og uanmeldte tilsyn ved skjenkestader i kommunen, med fokus på smittevernfagleg forsvarleg drift.

Treng du litt hjelp i kvardagen, eller kan du tenka deg å hjelpa nokon andre?

Me har laga to nettskjema for deg som er innbyggar i Hå kommune:

  • I det eine kan du legga inn ønske om hjelp til mellom anna innkjøp av mat, transport eller andre praktiske oppgåver. Ikkje ver redd for å melda frå!
     
  • I det andre kan du melda deg til å vera med på dugnad. Kanskje kan du levera mat til nokon som er i karantene eller isolasjon? Kanskje vert det meir behov for barnepass framover? Er det nokon som kan tenka seg å dela ut informasjon til sårbare grupper?

Her finn du begge skjemaa

Er du helsepersonell eller student og vil melda deg til teneste?

Hå kommune ønsker å koma i kontakt med helsepersonell og studentar som ikkje er i arbeid, og som vil melda seg til teneste.

 

Her finn du meir informasjon og kontaktskjema

Kjekke turforslag i nærområdet

Sjølv om folk skal halda meir avstand til kvarandre for tida, er det viktig å få frisk luft. Men kvar bør du gå for å klara å halda god avstand?

 

Her har du i alle fall nokre gode anbefalingar:

Alternative turforslag i Hå

Treng du nokon å snakka med?

Koronaviruset pregar kvardagen til oss alle, og mange har kanskje behov for å snakka med nokon. Røde Kors i Hå har mobilisert fleire frivillige som stiller opp til psykososial telefonkontakt.

 

Dette er altså ikkje eit medisinsk tilbod, men ei open linje for deg som kanskje vil lufta nokre tankar med eit medmenneske.

 

Her finn du meir informasjon og telefonnummer du kan ringa

Gode råd mot bekymring, uro og stress

Koronasmitten og smitteverntiltaka som er iverksette angår oss alle. Tiltaka snur opp ned på kvardagen, og mange av oss kjenner på bekymring, uro og stress. Ei god nyheit: Det er normalt å reagera på dette! Situasjonen er ny, skremmande og heilt uvand for oss – ein unormal situasjon gir mange ulike reaksjonar. Det er normalt.

 

Hugs at dette går over! Denne situasjonen kjem ikkje til å vara evig, heldigvis! Me veit ikkje kor lenge den vil vare, men me veit at det vil gå over.

 

Utfordringa er å takla situasjonen så lenge den står på. Dyktige fagfolk i Hå kommune har laga nokre råd som kan hjelpa deg nå – og så er det heldigvis mange du kan ringa og snakka med om det er behov for det.

 

Les meir om gode råd og telefonummer du eventuelt kan ringa

Generell informasjon and information in English