Informasjon om koronaviruset

Me vil ikkje lenger rapportera om smittetal for kommunen på nettsida vår. Sjå smittetal frå FHI her.

Råd og regler i ein normal kvardag  med auka beredskap

  • Hald hendene reine, host i eit papirlommetørkle eller i albuekroken og hald deg heime viss du har nyoppståtte luftvegssymptom eller feber.
  • Du må gå i isolasjon viss du får påvist covid-19.
  • Dersom du får symptom på luftvegsinfeksjon, bør du framleis testa deg. Det gjeld også vaksinerte.  
  • Uvaksinerte husstandsmedlemmar til ein som er smitta, bør testa seg og gå i karantene, uavhengig av om du har symptom eller ikkje. Andre uvaksinerte nærkontaktar treng ikkje å gå i karantene, men bør ta ein test.

 

Nasjonale og lokale reglar og anbefalingar

Desse reglane og anbefalingane gjeld nå:

 

Kor mange er smitta på Jæren?
Kva gjer eg om eg har symptom?
Testing/hurtigtesting

Det skal vera låg terskel for å testa seg ved symptom, også for vaksinerte. Du kan anten bestilla testing på c19.no eller bruka hurtigtest. Vert du ikkje betre etter hurtigtest, bør du bestilla PCR-test på Kleppe (c19.no). Du bør vera heime til du får negativt testsvar og klar betring.

Kor kan eg henta gratis hurtigtestar?

  • Circle K, Nærbø
  • Hå rådhus, servicetorget Varhaug
  • Esso Varhaug 
  • Best, Vigrestad
  • YX, Ogna
  • Teststasjonen på Kleppe

Send ein annan person for å henta testen om du har symptom. Du kan få med deg ein test til kvar person som skal testa seg. Me har dessverre ikkje nok testar til at du kan ta med heim og ha hurtigtestar i beredskap. 

Kva skal eg gjera om hurtigtesten er positiv?

  • Du må isolera deg frå andre

  • Du må bestilla vanleg test på c19.no innan 24 timar

  • Ring smittesporingsteamet: 916 64 225 (ope klokka 09.00-17.00)

Kva er ein hurtigtest?

Antigen-hurtigtestar gir raske svar og bidrar til å redusera smittespredninga i samfunnet. Det finst ulike typar av desse testane og fleire måter å gjera testinga på. Sjå ein demonstrasjon her:

Er du utanlandsk statsborgar og ikkje har tilgang til Helsenorge? Då kan du kontakta luftvegslegevakta for å få svar på koronatesten.

Her er oppdatert informasjon om testing: 

Nedjustert TISK i normal hverdag med økt beredskap - Helsedirektoratet

Karantene

Kven skal i karantene?

  • Ingen. Det er ikkje lenger plikt til smittekarantene.
  • Personar som er i same husstand som ein smitta person (eller nokon som har hatt kontakt som liknar på det å bu i same hus, som for eksempel ein kjærast eller nokon som har vore på hyttetur saman), og som ikkje er fullvaksinerte, bør likevel anten avstå frå kontakt med andre i sju dagar eller gjennomføra eit testregime dei neste sju dagane. Om du er over 18 år og verken er fullvaksinert eller har gjennomgått covid19 dei siste tolv månadane, har du plikt til å gjennomføra testregime.

Kva betyr «testregime»?

Smittesporing

Kven skal eg varsla viss eg er smitta?

  • Smittesporarane i kommunen tar kontakt med nærkontaktar som er husstandsmedlemmer og tilsvarande nære. 
  • Du har sjølv ansvar for å varsla andre nærkontaktar og oppfordra dei til å testa seg.
Nærkontaktar
  • Du bør testa deg, anten ved å bestilla test på c19.no eller ved å henta to hurtigtestar som du tar med 24 timars mellomrom.

  • Du bør avgrensa sosial omgang til du får negativt testsvar.

  • Du bør vera ekstra obs på symptom i ti dagar etter sist møte med den smitta.

  • Du bør ha låg terskel for ny testing ved symptom.
Koronatelefon, kommuneoverlege og smittesporingsteam

Alle som mistenker at dei kan vera smitta av covid-19 kan bestilla test her www.c19.no

Publikumstelefon

Er du i karantene eller isolasjon og har oppfølgande spørsmål?

Ring publikumstelefonen 916 64 225

Telefonen er open alle dagar kl 9-17.

(Merk at covid-19 test ikkje kan bestillast her, det må gjerast på www.c19.no.)

 

Kontakttelefon smittesporingsteam

Er du helsepersonell i annan kommune og treng å koma i kontakt med smittesporingsteamet i Hå?

Ring 916 65 561

Telefonen er open alle dagar kl 10-22.

Fastlegen

Føler du deg sjuk er det viktig at du kontaktar fastlegen din for ei vurdering først, for å utelukka moglegheiten for andre alvorlege sjukdommar. 

 

Akutt og alvorleg sjukdom

Er du alvorleg sjuk skal du kontakta fastlege eller legevakt 116 117 for helsehjelp. Treng du akutt helsehjelp skal du ringa 113. 

Folkehelseinstituttet gir råd og rettleiing på tlf. 815 55 015 (open kvardagar 08.00-15.30)
Kontakt legevakta på 116 117 ved akutt nyoppstått eller forverra sjukdom.

 

Servicetorget

Servicetorget svarar på generelle spørsmål om korona 51 79 30 00 (open kvardagar 07.45-15.15).

 

Informasjon om koronavirus

Om du har spørsmål om korona som du ikkje får avklart ved å lesa på nettet, kan du ringa 815 55 015.

Les dette før du ringer:

  • Sjekk alltid nettsidene www.fhi.no, www.ha.no/korona eller www.koronasjekk.no før du ringer
  • Er du helsepersonell og lurer på om du kan gå på jobb; drøft med leiaren din.
  • Har du behov for legetime eller lurer på ting som har med fastlegetenestene å gjera, ringer du legekontoret ditt eller legevakt på vanleg måte.

Svar på dei vanlegaste spørsmåla om koronaviruset finn du på Helsenorge. 

 

Turistar og andre utan fastlege

Viss du er turist eller besøkande i Hå utan fastlege i regionen og får symptom som kan skuldast covid-19, skal du kontakta legevakta på 116 117. Legevakta organiserer testing. Symptom som kan tyda på covid-19 er luftvegsinfeksjon med anten feber, hoste eller tung pust i tillegg. Alle med nyoppstått luftvegsinfeksjon bør testa seg. 

 

Kommuneoverlege i Hå kommune

Gerd Signy Solberg Omland (fungerande)

E-post: gsso@ha.kommune.no