Årsplan Vibereiret barnehage

1 Presentasjon av barnehagen

1.1 Barnehagen sin visjon

Visjon: «Ein god barndom gjennom fellesskap, opplevingar og mangfald»

Verdiar: « Omsorg og tryggleik – sosial kompetanse»

Gjennom visjonen og verdiane ynskjer me å seie noko om kva me i Vibereiret barnehage ser som det viktigaste i vårt arbeid, og kva me legg vekt på i kvardagen. I barnehagen skal barna møte vaksne som gjev god omsorg, er anerkjennande, og syner respekt. Tryggleik, humor, glede og gode relasjonar skal prega samspelet mellom barn og vaksne. Me vaksne skal anerkjenna og ivareta barndommen sin eigenverdi.

I tillegg til «Lov om barnehager», så gjev «Rammeplan for barnehagen» oss ein sterk og forpliktande retning for barnehagen sitt verdigrunnlag, innhald og oppgåver.

1.2 Profil/egenart

Vibereiret barnehage er ein av dei eldste barnehagane i Hå. Den blei bygd i 1972 og blei driven av Nærbø Sanitetsforening fram til 18.01.1988, då kommunen overtok drifta.

Barnehagen ligg sentrumsnært på Nærbø, ved sida av Hå helsesenter. Me har eit stort og godt uteområde, samt kort veg til turområder, idrettsanlegg, og Jærmuseet. Barnehagen blei bygd om og bygd på i 2004-05, der det blei lagt vekt på universell utforming av både bygg og uteområde.

Barnehageåret 2024-25 har me 52 barn, fordelt på 3 avdelingar:

  • Solsikka 24 barn 3-6 år
  • Prestekragen 14 barn 3-4 år
  • Snøklokka 14 barn 1-2 år

Småbarnspedagogikken ligg til grunn for alt vårt arbeid, ikkje bare med dei minste barna, men i heile barnehagen. Teorigrunnlaget har me først og fremst henta frå boka «Det nødvendige samspillet» av Gerd Abrahamsen. Det inneberer mellom anna aktiv bruk av primærkontakt. Kvart barn får tildelt ein primærkontakt, ein vaksen som kan vera ein trygg tilknyttingsperson for barnet. Primærkontakten har ansvar for særleg oppfølging av barnet, og kontakt med foreldre/føresette, gjennom heile året.

Me legg vekt på å anerkjenne og stadfeste barna sine kjensler og behov, som for eksempel ved bruk av overgangsobjekt (tutt, kosedyr, koseklut, leike, osv.) når barna er trøytte, leie seg, osv. Dette kjem oftast til syne ved levering i barnehagen, når skilnaden frå mor eller far

kan vera vanskeleg for barnet å takle. Det kan òg oppstå i løpet av dagen viss barna er trøytte, sakna foreldra, det oppstår usemje i leiken, osv.

Alle nye barn får kvar sin biletsamling, som inneheld bilete av dei sjølv, familien, og andre viktige personar eller ting som barna er glade i. Dette kan vera i form av ei bok der bileta vert limt inni, eller bilete som vert laminert og festa på ein karabinkrok. For dei minste barna er denne biletsamlinga ein viktig reiskap, spesielt i tilvenjingsfasen men òg elles i løpet av året. Denne vert aktivt brukt i overgangssituasjonar, som for eksempel når barna leverast i barnehagen.

Vibereiret barnehage er tilrettelagt for å kunne ta imot barn med særskile behov, både når det gjeld fysisk miljø, og kompetanse hjå personalet. Me har tett samarbeid med andre hjelpeinstansar, alt etter barnet sitt behov, for eksempel PPT og spesialpedagogisk team i Hå, Andebu kompetansesenter, BUPA, StatPed, osv.

1.3 Personalet i barnehagen

Personalet i Vibereiret barnehage 2024-25:

StillingNamnStillingsstorleik
StyrarGerdur S. Håland100%
Pedagogisk leiarLinda Gudmestad80%
Pedagogisk leiarErzsebet Sinko100%
Pedagogisk leiarJorunn Riisa Wiig80%
BarnehagelærarVanya Bracsuly100%
Barnehagelærar på dispensasjonSiv Cederstrøm80%
Barnehagelærar på dispensasjonSolfrid Catharina Hagman60%
Barne- og ungdomsarbeidarTonje Kristoffersen100%
Barne- og ungdomsarbeidarMarit Olene Stokkeland100%
Barne- og ungdomsarbeidarAnne Meland100%
Barne- og ungdomsarbeidarSolfrid Catharina Hagman40%
Barne- og ungdomsarbeidarMadelaine Yrke Egeland100%
Barne- og ungdomsarbeidarBerrin Uysun100%
FagarbeiderMonika Våland100%
Barne- og ungdomsarbeidarAnna Magdalena Kolodziej100%
Barne- og ungdomsarbeidarEva Raniay100%
AdministrasjonskonsulentRenate Hellang Kleppa 
VaktmeisterArve Reime 
ReinhaldarEdinir Gomez Lima