Årsplan Vibereiret barnehage

5 Overgangar

5.1 Når barnet byrja i barnehagen

«Barnehagen skal i samarbeid med foreldrene legge til rette for at barnet kan få en trygg og god start i barnehagen. Barnehagen skal tilpasse rutiner og organisere tid og rom slik at barnet får tid til å bli kjent, etablere relasjoner og knytte seg til personalet og til andre barn.

(Rammeplanen s. 33)

I Vibereiret barnehage skal me vaksne:

  • gje barnet tett oppfølging slik at han/ho utvikla tryggleik nok til å leike, utforske og lære
  • vera ein aktiv og trygg primærkontakt, for å sikra godt samarbeid med foreldra og tett oppfølging av det einskilde barn
  • verta godt kjent med barna sine forskjellige rutinar og behov, for å kunne å dekke desse i barnehagen
  • vera barnet sin trygge base i barnehagen, og hjelpa han/ho å verta kjent med dei andre barna og vaksne
  • sikre at alle barn vert høyrt og sett kvar dag, gjennom heile året

5.2 Overgangar internt i barnehagen

5.2 Overgangar internt i barnehagen

«Personalet skal sørge for at barn og foreldre får tid og rom til å bli kjent med barna og personalet når de bytter barnegruppe.» 

(Rammeplanen s. 33)

I Vibereiret barnehage skal me vaksne:

  • informera barn og foreldra i mai/juni, om kva avdeling dei skal bytta til, og kven som eventuelt vert ny primærkontakt
  • legge til rette for at barnet kan gå på besøk på den «nye» avdelinga, i lag med ein vaksen som barnet kjenner
  • vera i lag med barnet på den nye avdelinga, under måltider, i samlingar, eller i leik
  • sørgje for at besøka er mange nok til at barnet vert godt kjent med avdelinga

 

5.3 Overgangen mellom barnehage og skule

5.3 Overgangen mellom barnehage og skule

«Barnehagen skal i samarbeid med foreldre og skolen legge til rette for at barna kan få en trygg og god overgang fra barnehage til skole og eventuelt skolefritidsordning.»

(Rammeplanen s. 33)

I Vibereiret barnehage skal me vaksne:

  • gje dei eldste barna kunnskap og positive erfaringar, som gjev dei motivasjon til å byrja på skulen, for eksempel gjennom «bamseklubben», der barna får innblikk i korleis skulekvardagen kan vera
  • bidra til eit godt samarbeid med skulen, gjennom utveksling av kunnskap,  erfaringar og informasjon
  • legge til rette for besøk på den skulen barnet skal byrja på, og følgje barnet på skulebesøk, i samarbeid med foreldra
  • gjennomføre overgangssamtaler, og med foreldra sitt samtykke gje naudsynte opplysningar om barnet, for å sikra ein god overgang til skulen