5.1 Når barnet byrja i barnehagen
«Barnehagen skal i samarbeid med foreldrene legge til rette for at barnet kan få en trygg og god start i barnehagen. Barnehagen skal tilpasse rutiner og organisere tid og rom slik at barnet får tid til å bli kjent, etablere relasjoner og knytte seg til personalet og til andre barn.
(Rammeplanen s. 33)
I Vibereiret barnehage skal me vaksne:
- gje barnet tett oppfølging slik at han/ho utvikla tryggleik nok til å leike, utforske og lære
- vera ein aktiv og trygg primærkontakt, for å sikra godt samarbeid med foreldra og tett oppfølging av det einskilde barn
- verta godt kjent med barna sine forskjellige rutinar og behov, for å kunne å dekke desse i barnehagen
- vera barnet sin trygge base i barnehagen, og hjelpa han/ho å verta kjent med dei andre barna og vaksne
- sikre at alle barn vert høyrt og sett kvar dag, gjennom heile året
5.2 Overgangar internt i barnehagen
5.2 Overgangar internt i barnehagen
«Personalet skal sørge for at barn og foreldre får tid og rom til å bli kjent med barna og personalet når de bytter barnegruppe.»
(Rammeplanen s. 33)
I Vibereiret barnehage skal me vaksne:
- informera barn og foreldra i mai/juni, om kva avdeling dei skal bytta til, og kven som eventuelt vert ny primærkontakt
- legge til rette for at barnet kan gå på besøk på den «nye» avdelinga, i lag med ein vaksen som barnet kjenner
- vera i lag med barnet på den nye avdelinga, under måltider, i samlingar, eller i leik
- sørgje for at besøka er mange nok til at barnet vert godt kjent med avdelinga
5.3 Overgangen mellom barnehage og skule
5.3 Overgangen mellom barnehage og skule
«Barnehagen skal i samarbeid med foreldre og skolen legge til rette for at barna kan få en trygg og god overgang fra barnehage til skole og eventuelt skolefritidsordning.»
(Rammeplanen s. 33)
I Vibereiret barnehage skal me vaksne:
- gje dei eldste barna kunnskap og positive erfaringar, som gjev dei motivasjon til å byrja på skulen, for eksempel gjennom «bamseklubben», der barna får innblikk i korleis skulekvardagen kan vera
- bidra til eit godt samarbeid med skulen, gjennom utveksling av kunnskap, erfaringar og informasjon
- legge til rette for besøk på den skulen barnet skal byrja på, og følgje barnet på skulebesøk, i samarbeid med foreldra
- gjennomføre overgangssamtaler, og med foreldra sitt samtykke gje naudsynte opplysningar om barnet, for å sikra ein god overgang til skulen