Viktig informasjon om vassforsyninga

Vatnet i Hå kommune kan smaka annleis dei neste månadane.

Frå og med tysdag 13. august og i to-tre månader framover, vil deler av vassforsyninga i Hå koma frå Hagavatn vassbehandlingsanlegg i Matningsdal. Det betyr at vatnet den neste tida kan smaka litt annleis enn det vatnet som vanlegvis kjem frå Langevatn i Gjesdal.

– Behandlinga består i å justera PH og desinfisera med klor. Klordosen som vert nytta er høgare enn vatnet de mottar til vanleg. Det gjer at de kan kjenna lukt og smak på vatnet. Trass i lukt og smak, vil vatnet vera trygt å drikka, understrekar IVAR IKS.

Grunnen til den mellombelse omlegginga, er at IVAR (det interkommunale selskapet som mellom anna gir deg vatn i krana) jobbar med å bygga eit nytt høgdebasseng på Håland i Hå kommune. Dette er for å sikra vassforsyninga i framtida. Høgdebassenget skal koplast på eksisterande hovudvassleidning, dermed må me bruka reservevasskilde til arbeidet er ferdig.

Endringa gjeld i utgangspunktet cirka frå Varhaug og sørover i kommunen – men det kan periodevis også verta omlegging lenger nord i kommunen.

Oppdatering: Frå slutten av oktober får igjen alle innbyggarar i Hå vatn frå normalforsyninga Langevatn.