Viktig melding

Lukk meldinga

Velkommen til idemøtet Godt nytt Hå

 Felles oppskyting av fyrverkeri? Lysshow med droner? Pyrokurs for innbyggarar? Forbod mot privatsal av fyrverkeri? Auka aldersgrense for kjøp av fyrverkeri? Meir videoovervaking? Fleire vaksne i sentrum? Haldningskampanje? 

Bileta av politibilen som blei skoten etter med fyrverkeri har festa seg på netthinna hjå mange av oss. Politi og brannvesen får stadig meldingar om bruk av fyrverkeri. Korleis kan me endra dette?

Bli med på idemøte måndag 21. februar klokka 18.00-20.00 i kommunestyresalen, Hå rådhus på Varhaug. Me kallar møtet "Godt nytt Hå", og håpar at det kjem noko godt ut av det. 🥳 Me oppfordrar både ungdom og vaksne til å koma, og legg til rette for at det skal vera ein god plass å koma både om du likar eller ikkje likar fyrverkeri. 

Program:

  • Innleiing av representantar frå politi, brannvesen og ungdomskontakt.
  • Ordførar Jonas Skrettingland leier møtet.
  • Idemyldring

Påmelding: 

På grunn av avgrensa plass, ber me deg om å bestilla gratisbillett her: https://hakommune.ticketco.events/no/nb/e/godt_nytt_haa