Velkommen heim, sa ordførar Andreas Bjorland då han tok imot den nye kommunedirektøren den første arbeidsdagen.
Det er omlag 2,5 år sidan Anne Berit Berge Ims slutta i Hå og starta som kommunedirektør i Randaberg kommune. Nå er ho tilbake, og det vert feira i Hå rådhus med kake, blomar, fest og flagg.
Det er eit privilegium å vera ønska tilbake. Eg gler meg til å helsa på nye og gamle kollegaer, og å få vera med og vidareutvikla denne flotte kommunen, seier Anne Berit Berge Ims.