Tusen takk til deg som har meldt di interesse til å bli meddommar.

Klikk for stort bileteEr du ein av dei som har meldt deg som interessert i å vera meddommar?

Det var mange av dykk innbyggjarar i Hå kommune som hadde lyst til å vera meddommarar, fleire enn det som Hå kommune fekk bestilling på frå dei ulike "rettane".
Det betyr at ein del av dykk ikkje vil få ønska dykkar oppfylt, om det å vera meddommar.

Jæren tingrett og Gulating lagmannsrett - kva er status?
Arbeidet med å fordela meddommarar til tingretten og lagmannsretten for neste periode (2021-2024) er godt i gang.
Formannskapet kom i sitt møte den 28.april med forslag (innstilling) til personar som skal representera Hå kommune i Jæren tingrett og i Gulating lagmannsrett.
Desse sakene ligg nå ute til offentleg gjennomsyn her på denne sida.Kommunestyret vil gjera sitt endelege val i kommunestyremøtet den 11. juni 2020.

Skjønnsmedlemmar og medlemmar til jordskifteretten
Den 7. mai 2020 vedtok kommunestyret i Hå kven som skal vera meddommarar til særskilt utval for jordskiftesaker og kven som skal vera skjønnsmedlemmar i tingretten for Hå kommune.

TUSEN TAKK TIL ALLE DYKK SOM HAR VIST INTERESSE FOR Å VERA MEDDOMMAR!

 

Kven kan vera meddommar?

For å vera meddommar for Hå kommune, må du vera busett i kommunen. Domstollova stiller visse krav til kven som kan verta valt til meddommar. Blant anna må du vera fylt 21 år og vera under 70 år, samt ha røysterett ved kommuneval. (Øvre aldersgrense gjeld ikkje for skjønnsmedlemmar.)

Det er eit vilkår at du snakkar og forstår norsk. Vidare er det sett krav til at meddommarar er lovlydige. Det vil difor verta utført ei vurdering av vandel av aktuelle kandidatar. I tillegg er det enkelte yrkesgrupper som ikkje kan verta valde som meddommarar.

Ein kan ikkje vere meddommar både i tingretten og i lagmannsretten.