Viktig melding

Lukk meldinga

Tips ordføraren om folk som stiller opp for andre

Ordførarane i Klepp, Time og Hå har planar om ein julekalender i år. Saman med frivilligsentralane ønsker dei å heidra 24 personar som gjer kommunane litt gladare. Kom med tips til kandidatar du meiner fortener å verta løfta fram.

Kjenner du nokon som frivillig stiller opp for andre, og såleis gjer kvardagen litt gladare eller enklare for dei? Gode eksempel er når ein person, ung eller eldre, svak eller sterk, bruker av fritida si til for eksempel å hjelpa andre, eller å jobba med idrettsanlegg, frilufts-område, nærmiljøanlegg og liknande. Enkelt forklart, send inn tips om folk stiller opp for andre.

Dette er ikkje ein konkurranse eller ei rangering. 24 personar vil få ei helsing frå ordføraren fram mot jul. 8 frivillige frå kvar kommune vil få ei helsing. Med å løfta fram desse som gjer ein innsats, kan ein kanskje mobilisera fleire til å gjera det same.

Send inn forslag

Send inn forslag på ho eller han som bidreg for ein eller for mange, over kort tid eller i mange år, er ung eller gammal, om vedkomande er åleine eller er i lag med andre.

Send ein e-post til frivilligsentralen@ha.kommune.no med forslag til kandidatar. Det er fint om forslaga har ei kort grunngjeving.
Frist: 10. november.