Viktig melding

Lukk meldinga

Time er Jærens sprekaste kommune – men Hå har den sprekaste ordføraren

Ordførarane Andreas Vollsund i Time kommune og Jonas Skrettingland i Hå kommune. Foto. - Klikk for stort bileteAndreas Vollsund (t.v.) i Time kommune kunne heva pokalen, men i ordførarkampen var han sjanselaus mot Jonas Skrettingland.

Time vann over Klepp og Hå i årets Sykle til jobben-aksjon.

Den årlege, nasjonale Sykle til jobben-aksjonen gjekk av stabelen frå 3. mai til 16. juni. På Jæren hadde kommunane Time, Klepp og Hå ein intern konkurranse om å ha dei sprekaste innbyggarane: Kommunen som klarte å få flest innbyggarpoeng i løpet av dei seks vekene, vann tittelen «Jærens sprekaste kommune». 

Det er nå klart at Time kommune er vinnar av konkurransen mellom jærkommunane. I løpet av aksjonen har 516 timebuar tilbakelagt til saman 88.046 kilometer og vore aktive i 15.279 timar totalt, noko som gav dei totalt 24.369 poeng. 

Hå kommune kom på andreplass med 18.498 poeng (382 deltakarar), medan Klepp kommune hamna på tredje med 13.841 poeng (289 deltakarar). 

Ingen slo ordføraren

Alle Hå-innbyggarar som klarte å sanka fleire poeng enn ordførar Jonas Skrettingland i løpet av kampanjen, skulle vera med i trekninga av eit gåvekort med verdi på 1000 kroner. Problemet var berre at ordføraren oppnådde maksimal poengsum – 135 poeng. Tre poeng og full pott kvar einaste dag i perioden, med andre ord.

Skrettingland utklassa konkurrentane i nabokommunane Time og Klepp, og vart i tillegg den aller første i heile Noreg til å nå 135 poeng. Den siste økta loggførte han klokka 01.30 16. juni, dermed klatra Hå-ordføraren heilt til topps på landsoversikta!

18 innbyggarar i Hå klarte òg få 135 poeng, dermed enda det med loddtrekning mellom dei. Vinnaren av gåvekortet er Hilde Skrettingland.

– Det har vore travelt, men kjekt, ler den glade vinnaren.

– Eg syklar til arbeid kvar dag. Og så går eg fjellturar og turar i nærområdet, fortel Skrettingland – som ikkje er dottera til Jonas Skrettingland.

– Han er onkelen til mannen min, forklarer ho.

Gåvekort og bokverk

I tillegg var alle deltakande innbyggarar med i trekninga av eit gåvekort på 1000 kroner og det kulturhistoriske bokverket «Hå kulturhistorie». Vinnaren av denne premien er Astrid K. Håland.

Tusen takk for innsatsen til alle som var med!