Alle som leiger ut bustad skal kunna dokumentera at radonnivåa i utleigebustaden er under grensene. Dersom nivåa er for høge, er utleigar ansvarleg for å gjera tiltak mot radon. Dette er eit krav i strålevernforskrifta og gjeld alle typar utleigebustader, både offentlege og private.
Korleis skal det førast tilsyn?
Det vil førast tilsyn med:
- om utleigarar har målt radon
- om målinga er gjennomført etter måleprosedyren
- om det er gjennomført tiltak ved for høge verdiar
- om leigetakar er informert om radonnivåa i bustaden
Har du ennå ikkje målt i utleigebustaden din?
Då har du sjansen til å gjera det nå i vinter. For at ei radonmåling skal kunne godkjennast, må den vera gjennomført etter DSAs måleprosedyre. Radon skal målast i ein periode på minimum to månader i løpet av målesesongen, som er frå midten av oktober til midten av april. Leigetakar har også krav på å få dokumentasjon på radonnivåa.
Ved spørsmål om korleis ei måling gjennomførast, sjå DSAs nettsider:
Slik måler du radon
Kvifor er det viktig å måla radon?
Å pusta i luft som inneheld radon, aukar risikoen for å få lungekreft. Risikoauken blir bestemt av kor lang tid du blir utsett for radon og av kor høgt radonnivået er. Radon i inneluft er den vanlegaste årsaka til lungekreft etter røyking, og medverker årleg til rundt 400 lungekrefttilfelle i Noreg.
Kva er grensene for radon?
Jo lågare radonnivåa er, jo lågare er lungekreftrisikoen. Difor bør radonnivåa alltid vera så låge som praktisk mogleg. Tiltaksgrensa er 100 Bq/m3 og grenseverdien, som er ei øvre grense, er 200 Bq/m3. Dette betyr at dersom du måler radonnivå høgare enn tiltaksgrensa, for eksempel 150, 400 eller 2000 Bq/m3, må du gjera tiltak mot radon. Tiltaka må dokumenterast.
Har du spørsmål?
Ta kontakt med rådgivar i miljøretta helsevern:
Kjersti Lea Sletten
mobil: 97 65 89 39
e-post: kjersti.lea.sletten@rogbr.no
Tilsynskampanjen er i regi av Direktoratet for strålevern og atomsikkerheit (DSA), men det er kommunane som gjennomfører tilsyn lokalt.
Meir informasjon om regelverket finst her: dsa.no/radon
