Viktig melding

Lukk meldinga

Takk for ei magisk Julepark-helg

Over 10.000 besøkande frå heile regionen var innom Juleparken på Nærbø fredag og laurdag.  

Oversiktsbilde av Juleparken frå lufta. Mykje lys og mennesker. - Klikk for stort bileteMagisk syn over Juleparken i det lyset vart tent 1. desember.

For ei helg! Juleparken vart opna fredag 1. desember kl. 17 med song, musikk, dans og smil. 10.000 glade gjester var innom og fekk oppleva ein lyspynta park full av aktivitet, julegåveverkstad, salsboder, påfuglen Randulf og song og musikk. 

 

Liv og røre utanfor ei salsbod i Juleparken - Klikk for stort bileteVitengarden hadde som alle dei andre salsbodene, godt besøk i helga.

Me er så takknemlege for alle som har vore med og gjera dette mogleg.  Det å skapa liv, lys og fellesskap midt i den mørkaste og kaldaste tida av året,  gir ringverknader som ikkje kan målast i tal. 

Takk til sponsorane og samarbeidspartnarane våre!

Sparebanken Vest Gavefond (hovudstøttespelar), Risa AS, Meieritomten Bolig AS, Depro, Årdal Maskinering, Jærentreprenør, Waldeland og Varhaug, Sirevåg Mekaniske, Elektrofag Jæren, Thailand by Nichcha, Monter, Byggmester Lervik, Nærbø Bakeri & Konditori,  Jærlyd, Tryggheim vgs (Bygg- og anleggsteknikk og Elektro og datateknologi), Vigrestad storskule avdeling Stokkalandsmarka, Go Ahead, Hove West og Nærbø Rør og Elektro (NRE).

Har du lyst å låna ei bod?

Nærbøparken kjem til å vera lyspynta heilt ut i januar. Ta gjerne turen innom for å nyta synet.

Fem boder står att i parken. Dersom du har lyst til å låna ei bod ein dag for å selja noko, eller skapa liv i parken, er det mogleg å gjera det gratis nå i desember. 

Ta kontakt med servicetorget på e-post: servicetorg@ha.kommune.no, så finn me ut om det er ledig. 

 

Lyspynta julebod med nissebarn utanfor - Klikk for stort bileteKoseleg i bua til Hå gamle prestegard