Styrtregn i Rogaland - Oransje farenivå
Meteorologisk Institutt har sendt ut varsel om styrtregn på oransje farenivå for indre strøk i Rogaland.

Svært kraftige regnbyer er venta torsdag ettermiddag og kveld. Det er lokale variasjonar i intensitet og mengde, og usikkerhet knytta til bygenes eksakte plassering. Vêret kan endrast raskt. Lokalt er nedbøren venta å passera 30-35 mm/1t. Stilleståande byger kan gje mykje nedbør over fleire timar. Bygene treffer først sør for Stad og er venta seinare nord for Stad.
Det er stor uvisse rundt kvar bygene vil treffa. Bygene er stilleståande, noko som kan gje mykje nedbør over eitt område på kort tid. Indre strøk er særleg utsett. Meteorologisk Institutt oppmodar alle til å følgja med på vêrradaren.
Les heile varselet her.
Sist endra 24.07.2025 13.33