Barn i juli
Kvar vekedag mellom klokka 09.30 og 12.00 frå 3.-28. juli har Hå kommune gratis ferietilbod for barn i Hå frå dei som startar i 4.klasse og til dei som skal starta i 7.klasse. Barn som treng tilrettelagte fritidsaktivitetar er også velkomne med følge.
OBS:
Fredag 21.juli er me i Sirevåg på Tall Ship frå 1200-1700. Då er med for alle. :-)
Fredag 28.juli er me ute ved Hå sjukeheim frå 0930-1130.
Ung i juli
Ung i juli er eit gratis ferietilbod for ungdom for dei som startar i 8.klasse og opp til 18 år. Det føregår kvar vekedag mellom klokka 12.30 og 15.30 i 3.-28. juli på Hå kulturtorg.
Her kan du spela instrument, dansa, spela brettspel, teikna, drøsa, syngja og vasa. Du kan treffa andre å ha lag i, møta nye vener, testa nye hobbyar og ha det gildt. Som tidlegare vert det vinyltrykk på t-skjortar, lage button, og meire til. Enkel servering av brødmat. Ungdom som treng tilrettelagte fritidsaktivitetar er også velkomne med følge.
Meir informasjon:
Barn i juli - Hå kulturskule
Ung i juli - Hå kulturskule