Sommarhelsing frå ordførar og rådmann (video)

Takk for mykje godt arbeid. Takk til alle kvardagsheltar – tilsette i kommunen, frivillige lag og foreiningar og næringsliv.

Nå står sommaren framfor oss. Framleis kan me ikkje reisa, verken til Sverige eller Syden. Men det er mykje kjekt å ta seg til her heime. For eksempel ein kajakktur i vakre Sirevåg – slik som ordføraren og rådmannen gjer i denne sommarhelsinga.

Ha ein velfortent ferie og ein fin sommar!

Mvh 
Jonas Skrettingland, ordførar og 
Anne Berit Berge Ims, rådmann
 

Sjå videoen her: