Viktig melding

Lukk meldinga

Solidaritetsmarkering for Ukraina

Montasje med bilde av Maryna Chebotar, Igor Rudyi og det ukrainske flagget.  - Klikk for stort bilete

Ordførarane i Time, Klepp, Hå og Gjesdal inviterer til felles solidaritetsmarkering på Bryne torg fredag 24. februar klokka 17.

– Denne dagen er det eitt år sidan Ukraina vart invadert. Krigen har fått forferdelege konsekvensar, og me ønsker å visa støtte og solidaritet til ukrainarane i denne vanskelege tida, uttalar dei fire ordførarane.

Markeringa på Bryne torg er open for alle og på programmet står appellar, eit minutts stillheit for krigens offer og musikk framført av dei ukrainske artistane Maryna Chebotar (song) og Igor Rudyi (saksofon). 

Det vert også servering av gratis bollar, kaffi og kakao.

Markeringa varer cirka 30 minutt.