Viktig melding

Lukk meldinga

Slik blir Varhaug torg

Barn og unge har ønska seg klatrestativ og trampolinar på Varhaug. Nå er arbeidet med det nye klatre- og balanseanlegget i gang.

Oppussinga av torget på Varhaug er i gang. Her blir det klatreanlegg, balansekuler, trampolinar og slakkline. Noko for både store og små.

Klatreanlegget kjem som som eit resultat av arbeidet med sentrumsplanen for Varhaug. Her blei barn og unge på Varhaug utfordra til å gje innspel til korleis dei ønsker at sentrum skal vera i framtida. Ei gjennomgåande tilbakemelding var at dei ønska seg møteplassar og meir aktivitet og liv i sentrum. Ein stor del av innspela gjekk også på at dei ønska ulike formar for klatrestativ og trampolinar. 

Planen er at arbeidet skal vera ferdig i midten av november. Det blir samtidig lagt varmekablar utanfor inngangen til rådhuset, og derfor er det sett opp gjerde og rullestolrampe i ein periode.