Viktig melding

Lukk meldinga

Slik blir tidenes supersommar for unge i Hå – og det er heilt gratis!

Illustrasjonsbilde med sommaraktivitetar - Klikk for stort bilete Hå kommune og Rune Lye Regjeringa har løyvd ein halv milliard til sommartilbod for barn og ungdommar. I Hå kommune er det full rulle frå skuleslutt til midten av august.

Mange skuleelevar har mista mykje tid på skulen dette skuleåret, derfor har regjeringa sett av 500 millionar kroner til ulike sommartilbod. 228 kommunar har fått tilskot til å laga nye eller utvida eksisterande sommarskuletilbod.

I Hå blir det eit variert sommarprogram for alle i alderen 6 til 18 år, med både læring og gøy. Dei første tilboda startar allereie rett etter skuleslutt i juni, i heile juli er det aktivitetstilbod kvar vekedag og nokre helgedagar, og i august kan ein òg finna tilbod for store og små.

På nettsida ha.no/ungsommar ligg oversikta over alt som skjer dei neste månadane. På nokre av aktivitetane/kursa er det påmelding, men på ein god del av det som skal skje kan ein rett og slett berre møta opp dei dagane det passar å vera med. 

Og kva er det som skjer, tenker du kanskje nå? Tur til Kongeparken, hopping i trampolinepark, surfing, paintball, progammering, smiing, jakt på småkryp, skattejakt, tryllekurs, gaming og mykje, mykje meir. Alt er gratis og alle arrangement inkluderer mat og drikke. Og for ungdommane er det til og med gratis buss til og frå Hå kulturtorg i heile juli.

Hå kommune – best i fest!