Viktig melding

Lukk meldinga

Sjekk resultata frå valet


8932 stemte i Hå. Det vil seia at valdeltakinga var på 65 prosent.

Du finn dei offisielle valresultata for Hå på www.valgresultat.no. 

Full oversikt over stemmetal, kryss og slengarar finn du i møteboka til valstyret i Hå (PDF, 257 kB).

Når er valgresultatet klart?

Opptelling av stemmer går gjennom fleire kontrollmekanismar for å sikra at me får eit korrekt valresultat. Dei aller fleste stemmene blir likevel talde opp i løpet av valkvelden og natta. Mange stadar får du då eit førebels valresultat, men det blir ikkje heilt avgjort før litt seinare.  

I grove trekk blir stemmene talde slik:

  • Kommunane begynner å tella førehandsstemmer på valdagen. Dei aller fleste er ferdige med å tella desse når vallokala stengar kl. 21.00.
  • Når vallokala stenger, kan kommunane begynna å telja valtingsstemmer.
  • Klokka 17.00 tysdag 10. september er siste frist for at seint inkomne førehandsstemmer har kome til valstyra. Kommunane startar då å telja desse. 
  • I den endelege opptellinga blir også rettingane veljarane har gjort på stemmesetelen registrerte.  Det varierer frå kommune til kommune når dette er klart.

Fylkesvalstyra kontrollerer kommunene si opptelling av fylkestingsvalet, og registrerer rettingar veljarane har gjort på stemmesetlane. Denne opptellinga skal starta så snart det lar seg gjera.