1.september var den dagen Lea Øvretveit og Georg Roxman fekk barn nummer to. Silas Øvretveit Roxman kom til verda, og Mathea Øvretveit Roxman vart stolt storesyster. Lite ante den vesle familien om historien dette skulle bli for heile Hå. For 1. september var nemleg den dagen at Hå kommune fekk innbyggar nummer 20.000. Det kan ikkje gå upåakta hen.
-Dette er stas, seier ordførar Andreas Bjorland.
Glad for vekst
Ordførarsmykket er på, og han har med gåveposer i fleng til Sirevåg denne måndag morgonen. Figgjo-barneservise, blomar og ein spesiallaga body med påskrifta Æg æ innbyggar nr. 20.000 - Hå kommune.
-Det er viktig å markera når det er positive ting som skjer. Me er glade for vekst i kommunen vår, seier ordførar Bjorland, og får låna den vesle fornøgde sirevågsbuen på armen.
Fornøgde håbuar
Mor og far til den historiske håbuen var helst litt overraska då dei fekk telefon frå ordføraren med spørsmål om besøk. Far Georg har teke ein liten pause frå jobben som sjåfør i Roxman. Bedrifta som farfar hans starta i Hå.
-Det var jo gildt dette då. Me har det godt i Hå, og kunne ikkje tenkt oss nokon annan stad å bu, seier Lea Øvretveit, som har vore håbu sidan 2011.
-Dette blir gildt å fortelja i konfirmasjonen hans, seier Georg Roxman.