Sesongstart for bubilparkering i Sirevåg
Fredag 17. mars startar 2023-sesongen.
For tredje året på rad tilbyr Hå kommune bubilparkering i Sirevåg. I 2021 vart det rundt 250 overnattingsdøgn, i 2022 var det over 370 overnattingsdøgn. Blir det nok ein rekord i 2023?
For 300 kroner per døgn kan me tilby ein romsleg grusplass med straum og søppelcontainer ved idylliske Sirevåg hamn. Det er berre ein kort gåtur til sanitæranlegget på kaia, der det også er mogleg å tøma bubiltoalettet.
Velkomen til Hå og Sirevåg!
Sist endra 06.03.2023 20.43