Når ein person får konstantert ein demenssjukdom oppstår det ein ny situasjon som påverkar det daglege livet. Det kan oppstå situasjonar som kan vera vanskelege å meistra både for dei demenssjuke og deira pårørande.
Å vera pårørande er svært krevjande, derfor er det viktig med auka kunnskap om dei ulike temaa som står i programmet. Det vil vera personar som har erfaring i det å rettleia pårørande.
Å få ein demenssjukdom er tøft, difor ynskjer ein å legga til rette for brukarskule. Brukarskule er ein sosial møteplass der informasjon og kunnskap vert formidla og erfaring vert delt.
Fokuset med skulane er å gi informasjon, råd og rettleiing om sjukdommen og sjukdommen sine utfordringar. For meir informasjon, ta kontakt med demenskoordinator i Hå kommune, Anne Dagny Versland.
- Stad: Time kommune
- Adresse: Arne Garborgs veg 30, 4349 Bryne
- Arrangør: Gjesdal, Hå, Klepp og Time kommune i samarbeid med Jæren demensforening.
Program for pårørandeskule
Skulen går over fem kveldar frå klokka 17:30-20:00.
- Onsdag 18. oktober 2023 - Demenssjukdommar.
- Onsdag 25. oktober 2023 - Kommunikasjon og samhandling.
- Onsdag 1. november 2023 - Aktuelle tenester og teknologiske hjelpemiddel som støttar personar med demens.
- Onsdag 8. november 2023 - Framtidsfullmakt og verjemål.
- Onsdag 15. november 2023 - Pårøranderolla.
Kvar kveld vert innleia med ei forelesning og vert avslutta med samtalar i faste grupper.
Program for brukarskule
Skulen går over fem kveldar frå klokka 17:30-20:00.
- Onsdag 18. oktober 2023
- Onsdag 25. oktober 2023
- Onsdag 1. november 2023
- Onsdag 8. november 2023
- Onsdag 15. november 2023
Program for skulen kjem.
Pris er 300 kroner per person, og 100 kroner per person for medlemmar i Jæren demensforening. (For å verta medlem, send e-post til jaeren.demensforening@gmail.com)
Kaffi/te og enkel bevertning.
For påmelding, spørsmål eller ønske om meir informasjon, ta kontakt med demenskoordinator Anne Dagny Versland, telefonnummer 482 75 047.