Demensskule og pårørandeskule 2024

Bilde av liten steinbukk som står på en stein i jærlandskap.  - Klikk for stort bilete

Demensskule er for deg som har fått ein demenssjukdom i tidleg fase. Her vil du få verktøy til å meistra kvardagen på ein best mogleg måte.

Pårørandeskule er for pårørande som har omsorg for eller er i nær relasjon med personar som lever med ein demenssjukdom.

Når ein person får konstatert ein demenssjukdom oppstår det ein ny situasjon som påverkar det daglege livet. Det kan oppstå situasjonar som kan vera vanskelege å meistra både for dei demenssjuke og deira pårørande.

demensskule vil du oppleva ein sosial møteplass der informasjon og kunnskap blir formidla, og erfaring vert delt.

pårørandeskule vil du få auka kunnskap og moglegheit for å møta andre med same utfordingar som deg sjølv.

På skulen vil du møta personar som har mykje kunnskap om dei ulike tema som står i programmet. Det vil vera personar som har erfaring i det å rettleia pårørande.

Fokuset med skulane er å gi informasjon, råd og rettleiing om sjukdommen og sjukdommen sine utfordringar. For meir informasjon, ta kontakt med demenskoordinator i Hå kommune, Anne Dagny Versland.

  • Stad: Time kommune
  • Adresse: Time Rådhus, Arne Garborgs veg 30, 4349 Bryne
  • Arrangør: Gjesdal, Hå, Klepp og Time kommune i samarbeid med Jæren demensforening.

Pris er 300 kroner per person, og 100 kroner per person for medlemmar i Jæren demensforening. (For å verta medlem, send e-post til jaeren.demensforening@gmail.com)

Kaffi/te og enkel bevertning.

For påmelding, spørsmål eller ønske om meir informasjon, ta kontakt med demenskoordinator Anne Dagny Versland, telefonnummer 48 27 50 47 eller e-post: adve@ha.kommune.no.