Overskuddsvarme skaper moglegheiter i Skoga

Hå kommune ser store moglegheiter for bruk av overskuddsvarme frå den planlagte næringsparken i Bjerkreim – North Sea Energy Park.

Ordførar i Bjerkreim KJetil Slettebø og ordførar i Hå, JOnas Skrettingland står saman ved industriområdet i Skoga - Klikk for stort bileteOrdførar Kjetil Slettebø (Bjerkreim) og ordførar Jonas Skrettingland (Hå) viser til korte avstandar mellom Bjerkreim og Hå. Det kan bli ein vinn-vinn-situasjon.    

Det vert jobba med planar om utvikling av North Sea Energy Park i Bjerkreim kommune, til eit stort næringsområde for kraftintensiv industri.

Etablering av til dømes battericellefabrikk i industriparken vil gi store mengder overskuddsvarme.

Avstanden frå North Sea Energy Park til Hå er kort, og spesielt til Skoga, heilt sør i Hå.

- Hå kommune arbeider for at Skoga næringsområde skal utviklast som eit tyngdepunkt for industrietablering i kommunen. Med sentral beliggenhet ved fylkesveg 44, Sirevåg stasjon på Jærbanen og Sirevåg havn er området perfekt for verksemder som har behov for overskuddsvarme, som fiske-/skalldyroppdrett eller veksthus, seier ordførar Jonas Skrettingland i Hå kommune.

 

Jordvern

Hå kommune har fått fleire førespurnader frå næringsaktørar som er interessert i å bruka overskuddsvarme i produksjonen sin.

-Me ser moglegheitene i ein veksande marknad. I Hå er me dessutan opptekne av å utnytta steingrunn for å utvikla gode næringsområde. Det er godt jordvern, og slik sett er Skoga ideelt, sier Skrettingland.

 

Viktig samarbeid

Nærleik til Hå er idéelt for å utvikla eit samarbeid og sjå på moglegheitene industrietableringa i Bjerkreim kan gi, meiner bjerkreimsordføraren.

- Etableringa av kraftintensive næringar, som batterifabrikk, vil gi mykje overskuddsvarme. At Hå kommune ser moglegheitene, og ønsker å sjå nærare kva dette kan bety, ønsker me velkommen. Her har me saman ein unik sjanse for synergier over kommunegrensene,  seier ordførar Kjetil Slettebø