Det er høgsesong for bekymringsmeldingar om høg fart og nestenulukke i kryss. For at barna skal vera tryggast mogleg når dei syklar til skulen, er det viktig at dei kan trafikkreglane.
Syklisten har vikeplikt
Hå kommune har eit veldig godt utbygd gang- og sykkelvegnett som gjer at det i all hovudsak er trygt å koma seg til skule, men i kryss er det viktig å være merksam. Syklisten har vikeplikt og kan ikkje forventa at bilen stoppar.
Kvifor bom?
Det står ofte plassert bommar der gang- og sykkelvegar kryssar offentleg veg. Bommar er meint å hindra ulovleg køyring på gang- og sykkelvegen. Dei er ikkje meint som eit trafikksikringstiltak, sjølv om dei i mange samanhenger har blitt brukt slik.
Råd frå Statens vegvesen
Sjå på linkane under kva Statens vegvesen og Trygg Trafikk skriv om reglar for sykling i trafikken.
Råd for sykling i trafikken