Viktig melding

Lukk meldinga

Ordføraren sin nyttårstale

Når me går inn i eit nytt år, er det naturleg å både sjå tilbake på det som har vore i 2023 og å tenka litt framover. Kva ønsker me for 2024? Kva utvikling skal me ha i Hå? 

Ordførar Andreas Bjorland - Klikk for stort bilete

Kjære alle saman

Når me går inn i eit nytt år, er det naturleg å både sjå tilbake på det som har vore i 2023 og å tenka litt framover. Kva ønsker me for 2024? Kva utvikling skal me ha i Hå? 

Auka forventningar

Me lever i ei tid med auka forventningar. Eg må innrømma at også eg har opplevd det, etter den imponerande dansevideoen til ordføraren i Time! På Facebook blei eg tagga med forventningar om å fylgja opp. Eg fekk melding av ei eg gjekk på skulen med som gleda seg til mi danseopptreden. Då eg spurde om ho eigentleg ønskte å sjå meg dansa, var svaret «nei». 

For innbyggarane

Me har nyleg lagt bak oss ein travel haust. 2023 var eit valår, og me har gjennomført val i Hå. Det er viktig med ueinigheit og meiningsutveksling i ein valkamp. Eg er likevel imponert over kor ryddige og engasjerte politikarar me har i Hå. Me representerer ulike parti og har ulike prioriteringar. Til tross for dette er det ein tydeleg raud tråd sjå alle parti; nemleg å arbeida for innbyggarane, og at tenestene skal verta endå betre enn dei er i dag. 

Sterke inntrykk frå sjukeheimen

Som nyvalt ordførar, er alle dei dyktige tilsette eg møter i kommunen, noko av det som har gjort størst inntrykk dei første månadane. Dei sterkaste inntrykka fekk eg då eg arbeidde på sjukeheimen, barnehage og i skulen. 

Eg hadde minst forventningar og kjennskap til kva som ville møte meg på sjukeheimen. Det er nok likevel den arbeidsplassen eg vil hugsa best. Eg blei utstyrt med uniform og plassert på ei avdeling med ein person som skulle læra meg opp. Opplæringa var alt frå pleie til å hjelpa til på kjøkkenet. I pleien fekk eg tydeleg og god opplæring og blei etter kvart noko sjølvstendig. Inntrykket eg sit igjen med etter denne veka, er at det er ein travel arbeidsplass. Viktigast av alt er likevel verdigheita dei tilsette viste bebuarane, og engasjementet til den viktige jobben som blir gjort. Eg lærte også «kor det skal vera salve og kor det ikkje skal vera salve». 

I valkampen er sjukeheim og spørsmålet om me har nok plassar alltid eit tema. I det ligg det ein politisk vilje i forhold til eldreomsorg. Me seier at det skal vera godt å bli gamal i Hå. Det meiner alle parti, og slik skal det vera. Nokre endringar har det likevel vore dei siste åra. Me styrker gradvis heimebaserte tenester for å gjera det trygt å bu heime lenger. Det er også sett av pengar til å starta planlegging av seniorbufellesskap. Planlegginga av ein god alderdom blir viktig framover. Då er det også viktig med varierte buformer. 

Økonomi

Når eit val er gjennomført er det ikkje ein roleg start som ventar dei nyvalde politikarane. Ein av dei første sakene som kjem på bordet, er økonomiplan og budsjett. Det er eit omfattande arbeid som dannar grunnlaget for arbeidet utover åra som kjem. I år vart arbeidet annleis enn det som er vanleg. Me måtte senda økonomiplanen tilbake og be kommunedirektøren gjera hardare prioriteringar for å oppnå dei måltala kommunestyret har sett. Dette gjorde eit samla kommunestyre i respekt for at me meiner administrasjonen veit best kor kutta kan gjerast og kor det smerter minst. 

Det vart gjort nokre store endringar, og viktigast av alt er at me tek vare på den økonomiske handlingsfriheita. Kommunestyret prioriterer bygging av ny skule på Vigrestad. Skulen og skulestrukturen på Vigrestad vart grundig behandla i 2023. Med ein ny skule på Vigrestad får me løyst mange utfordringar. Me får endra strukturen til ein vanleg 1-7 skule, og ein rein ungdomsskule. Me får ein skule som ligg nærare Stokkalandsmarka, noko me også opplever som ønskeleg for Stokkalandsmarka. Ikkje minst får me eit nytt og moderne skulebygg i tilknyting til idrettsanlegget. 

Hå-skulen

Styring av Hå-skulen er nok den saka som det har blitt snakka mest om i valkamp. Det er ein politisk vilje om å gradvis styrka skulen. Me veit at dei tilsette i skulen gjer ein kjempejobb og at det er behov for meir ressursar. I skulen snakkar me ofte om lærarane og at me treng fleire lærarar. No er det gode fagpersonar som blir etterspurt. Viss lærarane skal få vera lærarar, treng dei eit team rundt seg for å tryggja læringsmiljøet. Desse fagpersonane med ulik bakgrunn og utdanning er viktige for å skapa gode læringsmiljø. 

 

Løfta blikket

Vidare må me løfta blikket. Eg veit ikkje korleis de reagerer på nyheitsinnslaga frå Ukraina og Gaza, men eg må innrømma at eg av og til spolar vekk frå dei verste innslaga. Når ei mor sit med sitt døde barn i armane, ser me krigens sanne ansikt. Det er forferdeleg. Tenk at dette held ein fram med i 2023. Uskyldige vert utsett for enorme lidingar. Konflikten i Ukraina fører til at mange blir tvungne på flukt. I Hå har me vore tydelege på at me vil bidra. I 2022 tok me imot 165 flyktningar, og i 2023 har me teke imot 175 stk. Dette er eit historisk høgt tal på flyktningar, noko som krev mykje for å sikra alle gode tenester. Å skaffa nok bustader blir ei stadig større utfordring. Eg vil skryta over jobben som blir gjort av dei tilsette i kommunen. Deira engasjement for kommunen sine nye innbyggjarar er stort, ekte og viktig.

Løfte i lag

Kommunen kan ikkje klare alt aleine. I Hå har me eit kjent og godt slagord: Me løfter i lag. Dette kan brukast i mange samanhengar. Med integrering av flyktningar som eksempel, vil eg trekka fram frivilligheita. Folk stillar opp for å gi desse den beste starten dei kan få på sin nye tilværelse i Hå. Mange legg ned utallige timar. For det vil eg seia takk. Me ser kor viktig jobben de gjer er, og er takknemlege for at de er med å lyftar i lag.

I Hå skal me arbeida for at ingen fell utanfor. Det skal vera godt å veksa opp og bu i Hå. For å få ein trygg og god oppvekst med trygge aktivitetar treng me den breie og gode frivilligheita me har i Hå. For å supplera dette arbeidet driv Hå fleire godt besøkte fritidsklubbar. Fritidsklubben på Nærbø blei kåra til årets fritidsklubb. 

Når me no går inn i 2024, er utanforskap ei bekymring. Me har hatt ein stor kostnadsvekst, og mange kjenner at økonomien ikkje strekk til. Her tenkjer eg me som lokalsamfunn, kvar dag, har eit ansvar.

 

Folkefestar

Me har også i 2023 hatt nokre folkefestar som me må nemna. Tall Ships-besøket i Sirevåg bygde opp rundt den flotte hamna me har i Sirevåg. I desember vart det igjen ein suksess med jul i parken. Det er fantastisk å vera på slike arrangement, når ein ser kor fornøgde folk er. Dette betyr mykje. Me treng samlingar kor me som bygd og kommune kjem saman og har felles opplevingar."

Å gå inn i eit nytt år er omtrent som å starta med «blanke ark og fargestiftar». Korleis kjem det neste året til å bli? Det er spennenda og kanskje litt skummelt. Mine ønsker for det nye året er at me som kommune og samfunn stillar opp for kvarande, og at me særleg stiller opp for dei som treng det mest. Hå sin visjon om at me lyftar i lag må gjelde òg i år. Kanskje er det nokon som i møte med auka kostnader eller som nye i Noreg, treng at me løfter dei litt ekstra. 

Eg vil ønska dykk alle eit godt nytt år!