Oppdatert informasjon om koronaviruset

Klikk for stort bilete Oppdatert informasjon og råd om smitteførebygging per 21. september 2020.

 

Lokal informasjon

* Oppdatert informasjon om koronaviruset

Kva gjer eg viss barnet mitt/ungdommen min har symptom?

Mange foreldre er usikre på korleis dei skal vurdera om barn med luftvegssymptom treng å vera heime.

Folkehelseinstituttet har laga eit flytskjema for å hjelpa føresette med denne vurderinga.

 

Når skal du testa deg og vera heime?

 

1. Alle med nyoppståtte luftvegssymptom (inkludert sår hals eller naseforkjøling) eller som mistenker at dei er smitta av covid-19, bør testa seg. Du skal vera heime fram til negativ test føreligg og du er i god form. Du treng altså ikkje vera heilt symptomfri så lenge testen er negativ. Dersom du vert heilt symptomfri før testsvaret føreligg, kan du gå på skule/jobb.

 

2. Barn i barnehage og barneskule med lette symptom på luftvegsinfeksjon kan sjå an symptoma heime eit par dagar før testing. Ved rask betring kan dei gå tilbake til barnehage/skule utan å testa seg. Barn med rennande nase som einaste symptom, som elles er i god allmenntilstand utan andre teikn på nyoppstått luftvegsinfeksjon, behøver ikkje haldast heime eller testast.

 

3. Ungdom i ungdomsskule og vgs gjeld som under avsnitt 1, altså tilsvarande som vaksne.

Kor mange er smitta i Hå?

Elleve personar som er busett i Hå, har testa positivt på korona. Det siste tilfellet er registrert 11.9.

Testing/prøvetaking

Koronatesting:

Du treng ikkje ha henvisning frå lege for å bestilla covid 19-test.
 

Bestilling av koronatest gjer du på nettsida www.c19.no.
Logg inn med elektronisk ID, oppgje kontaktinformasjon og kryss av for om du bestiller time til deg sjølv eller til ein annan. Straks du har sendt inn skjemaet får du informasjon om når og kvar du skal møta opp. Tida du må venta kjem an på testkapasiteten.

 

Treng du rettleiing når du skal bestilla testing, ring servicetorget: 51 79 30 00.

 

Det er framleis luftvegslegevakta på Kleppe som utfører koronatestar. Ingen må møta opp utan avtale. Det er dessutan viktig at ein møter opp presis til den tida ein får tildelt, og ikkje lenge før. Det vil skapa unødig kø.

Les meir om kven som skal testast her

 

Når skal ein testa seg og vera heime?

Alle med nyoppståtte luftvegssymptom (inkludert sår hals eller naseforkjøling) eller som mistenker at dei er smitta av covid-19, bør testa seg. Ein skal vera heime fram til negativ test føreligg og ein er i god form. Ein treng altså ikkje vera heilt symptomfri så lenge testen er negativ. Dersom ein vert heilt symptomfri før testsvaret føreligg, kan ein gå på skule/jobb.

Barn i barnehage og barneskule med lette symptom på luftvegsinfeksjon kan sjå an symptoma heime eit par dagar før testing. Ved rask betring kan dei gå tilbake til barnehage/skule utan å testa seg. Barn med rennande nase som einaste symptom, som elles er i god allmenntilstand utan andre teikn på nyoppstått luftvegsinfeksjon, behøver ikkje haldast heime eller testast.

Ungdom i ungdomsskule og vgs gjeld som under avsnitt 1, altså tilsvarande som vaksne.
 
Sjå Helsenorge for meir informasjon om koronavirus.

NB! Prøvetaking medfører fare for hoste og brekningar. Pasienten bør derfor ha papirlommetørkle tilgjengeleg til å dekka munn og nase.

Har du blitt testa for korona? Logg inn på helsenorge.no og sjå resultatet. Dersom testen er positiv vil du bli kontakta per telefon. Resultatet er vanlegvis klart innan eit par dagar. Du vil ikkje få varsel om når du kan sjå resultatet på helsenorge.

Kommunale tilbod som er stengde/reduserte
  • Symjehallar og varmtvassbassenget Stampen opna for publikum 7.9. I Stampen er det bare plass til ti badegjester om gongen, og badstova og boblebadet er stengt inntil vidare.
  • Fleire utleigelokale er tilgjengelege igjen, men med restriksjonar på kor mange som kan vera til stades.
  • Biblioteket i Hå er ope. Meir informasjon om opningstider og smitteverntiltak kan du lesa om på nettsidene til Biblioteket i Hå.
  • Nå er det mogleg å besøka bebuarar ved Hå sjukeheim og Klokkarhagen sjukeheim – men alle må ringa og avklara besøk med avdelinga på førehand.
  • Varhaug bu- og velferdssenter og Olsvoll bu- og velferdssenter opnar òg for besøk nå. Alt besøk må avtalast på førehand (Varhaug: 415 32 742 , Olsvoll: 415 32 779), og alle besøkande må registrera seg i besøksprotokollen.
  • Inntil vidare er det ikkje mogleg for frivillige lag og organisasjonar å leiga lokale på dagsenter eller helseinstitusjonar.
  • Helsestasjon for ungdom er stengd for drop-in. Dei som treng ein avtale kan ringa det vanlege telefonnummeret til helsestasjonen (51 79 99 70) for avtale med lege og/eller helsesjukepleiarar.
  • Jordmortenesta og helsestasjon 0-5 har vore ope heile tida, men barselgrupper og heimebesøk vert ikkje gjennomført fram til 1.9. Ingen med symptom, karantene eller som har andre i husstanden med symptom må koma på helsestasjonen. Partnar kan ikkje vera med til jordmor. Ikkje ha med søsken til helsestasjon, berre ein vaksen skal følga barnet.
  • Reisevaksinasjonskontoret er stengt.
  • Kommunale fysioterapeutar har opna  men berre etter avtale, og er stengd for gruppetrening og egentrening inntil vidare. Ring din terapeut eller 992 14 915 for å få timeavtale. Det same gjeld ergoterapi; ring 992 14 912 (vaksne) eller 992 14 918 (barn), syn/hørsel (992 14 916) og Frisklivsentralen (992 14 914 / 415 32 642 / 992 14 822). Private fysioterapeutar har opna, også berre etter avtale. Ta kontakt med behandlaren din for oppdaterte detaljar. Dersom du har symptom på nyoppstått luftvegsinfeksjon eller er i karantene, skal du ikkje møta til time. Ta kontakt med terapeuten din hvis du har reist utanfor Norge dei siste 10 dagane.
Felles luftvegslegevakt

I samband med koronapandemien har Sandnes, Gjesdal, Klepp, Time og Hå etablert felles luftvegslegevakt på Kleppe. Frå 2. juni vil legevakta på Sandnes overta som luftvegslegevakt på dagtid, medan legevakta på Kleppe fortset med dette kveld og helg.

OBS! Innkøyringa til luftvegslegevakta frå Jærvegen er stengt inntil vidare. Det er omkøyring via Jærhagen. 

 

Du finn meir informasjon her: 

Felles luftvegslegevakt i Sandnes og Klepp

 

Denne legevakta er berre for personar med symptom på luftvegssjukdom som treng legetilsyn. Helsepersonell vil avgjera om pasientar skal testast.

 

Slik fungerer den nye luftvegslegevakta

Kjekke turforslag i nærområdet

Sjølv om folk skal halda meir avstand til kvarandre for tida, er det viktig å få frisk luft. Men kvar bør du gå for å klara å halda god avstand?

 

Her har du i alle fall nokre gode anbefalingar:

Alternative turforslag i Hå

Hytte, fritidsbustad og campingplassar

20. april vart forbodet mot å overnatta på hytter oppheva. Me minner likevel om at regjeringa har oppfordra alle til å avgrensa unødvendige fritidsreiser.

 

Svar på spørsmål om campingplassar, finn du her

Rettleiar for skjenking og servering

Her finn du rettleiar for korleis skjenke- og serveringsstadene i Hå skal rigga seg under koronaepidemien.

Veileder skjenkesteder i Hå kommune covid 19-epidemien (PDF, 646 kB)

Kva gjer du viss du treng legetilsyn?
  • Kvardagar kl 08-15: Ring fastlegen din
  • Helg kl 08-23 og kvardagar kl 15-23: Ring legevakt på 116 117
  • Nattestid heile veka kl 23-08: Ring legevakta 116 117
  • Du vil få beskjed om kor du skal møta opp.
  • Ingen skal møta opp utan å ringa fyrst!
  • Pasientar med luftveisplagar må fortrinnsvis handterast av fastlegekontora via telefon eller videokonsultasjon.
Gode råd mot bekymring, uro og stress

Koronasmitten og smitteverntiltaka som er iverksette angår oss alle. Tiltaka snur opp ned på kvardagen, og mange av oss kjenner på bekymring, uro og stress. Ei god nyheit: Det er normalt å reagera på dette! Situasjonen er ny, skremmande og heilt uvand for oss – ein unormal situasjon gir mange ulike reaksjonar. Det er normalt.

 

Hugs at dette går over! Denne situasjonen kjem ikkje til å vara evig, heldigvis! Me veit ikkje kor lenge den vil vare, men me veit at det vil gå over.

 

Utfordringa er å takla situasjonen så lenge den står på. Dyktige fagfolk i Hå kommune har laga nokre råd som kan hjelpa deg nå – og så er det heldigvis mange du kan ringa og snakka med om det er behov for det.

 

Les meir om gode råd og telefonummer du eventuelt kan ringa

Treng du litt hjelp i kvardagen, eller kan du tenka deg å hjelpa nokon andre?

Me har laga to nettskjema for deg som er innbyggar i Hå kommune:

  • I det eine kan du legga inn ønske om hjelp til mellom anna innkjøp av mat, transport eller andre praktiske oppgåver. Ikkje ver redd for å melda frå!
     
  • I det andre kan du melda deg til å vera med på dugnad. Kanskje kan du levera mat til nokon som er i karantene eller isolasjon? Kanskje vert det meir behov for barnepass framover? Er det nokon som kan tenka seg å dela ut informasjon til sårbare grupper?

Her finn du begge skjemaa

Er du helsepersonell eller student og vil melda deg til teneste?

Hå kommune ønsker å koma i kontakt med helsepersonell og studentar som ikkje er i arbeid, og som vil melda seg til teneste.

 

Her finn du meir informasjon og kontaktskjema

Treng du nokon å snakka med?

Koronaviruset pregar kvardagen til oss alle, og mange har kanskje behov for å snakka med nokon. Røde Kors i Hå har mobilisert fleire frivillige som stiller opp til psykososial telefonkontakt.

 

Dette er altså ikkje eit medisinsk tilbod, men ei open linje for deg som kanskje vil lufta nokre tankar med eit medmenneske.

 

Her finn du meir informasjon og telefonnummer du kan ringa

Koronatelefon i Hå

Frå og med 30. april er ikkje lenger den lokale koronatelefonen i drift. Om du har spørsmål om korona som du ikkje får avklart ved å lesa på nettet, kan du ringa 815 55 015.

 

Les dette før du ringer:

  • Sjekk alltid nettsidene www.fhi.no, www.ha.no/korona eller www.koronasjekk.no før du ringer
  • Er du helsepersonell og lurer på om du kan gå på jobb; drøft med leiaren din.
  • Har du behov for legetime eller lurer på ting som har med fastlegetenestene å gjera, ringer du legekontoret ditt eller legevakt på vanleg måte.

 

Generell informasjon