I samband med at hageavfallet på sikt ikkje skal kastast i den brune dunken, set Hå kommune i gang eit prøveprosjekt med mottak av hage- og plastavfall sør i kommunen. Fem tysdagar framover vil det vera mogleg for private hushaldningar å levera plastemballasje (i gjennomsiktige plastsekker) og hageavfall i Stokkalandsvegen, industriområdet ved Stokkalandsmarka (sjå kart).
Følgande datoar vil det vera ope frå kl 14-18:
- 5. september
- 19. september
- 3. oktober
- 17. oktober
- 31. oktober
Passar ikkje datoane, har du det same tilbodet til litt andre tidspunkt ved Hå gjenvinningsstasjon, Nærbø.
Her er opningstidene for gjenvinningsstasjonen på Nærbø
PS!
- Dette gjeld bare for private hushaldningar og innbyggarar i Hå
- Plastavfall må leverast i gjennomsiktige sekker
- Tilbodet er gratis