Viktig melding

Lukk meldinga

Nye infoskilt på kommunegrensene

Informasjonsskilt Buevegen - Klikk for stort bileteNå er det kome på plass oppdatert turistinformasjon for Hå kommune både i nord, sør og aust.

Dei gamle informasjonsskilta ved fylkesveg 44 og Buevegen var blitt litt for gamle, med utdatert informasjon og mykje slitasje. Nå er tre nye skilt på plass ved kommunegrensene mot Klepp og Eigersund, samt ved Buevegen i aust.

På dei nye skilta er det fire kategoriar med ulike fargekodar – attraksjonar, turar, idrett og overnatting. I tillegg er det ein QR-kode som sender folk vidare til «Opplev Hå», vår samleside med oppdatert informasjon om mellom anna gardsutsal, minnesmerke, sykkelturar og andre kjekke ting i kommunen vår.

Infoskilta er produserte og monterte av Allkopi, med kartgrunnlag og tekst produserte av tilsette i Hå kommune. Fotografar: Tord F. Paulsen (Steinkjerringa), Jonas Skrettingland (Varhaug gamle kyrkjegard) og Nils-Ove Støbakk (Brusand strand).

God (og kortreist) turpåske!

Informasjonsskilt fv44 nord - Klikk for stort bilete 

Informasjonsskilt fv44 sør - Klikk for stort bilete