Viktig melding

Lukk meldinga

Netto driftsresultat på 98,6 millionar kroner

Illustrasjon med sparegris og kommunetilsette - Klikk for stort bileteDen førebelse rekneskapen for Hå kommune viser eit netto driftsresultat på 98,6 millionar kroner, som er 6,3 prosent av brutto driftsinntekter.

– Dette er eit godt resultat som viser at tenesteområda klarer å levere gode tenester og god økonomistyring i den spesielle tida me er inne i. Både leiarar og medarbeidarar gjer ein stor innsats i dette arbeidet, seier kommunedirektør Anne Berit Berge Ims.

Netto driftsresultat

Netto driftsresultat blir på 6,3 prosent, som er 4,7 prosentpoeng høgare enn budsjettert netto driftsresultat. Dette skuldast i hovudsak koronapandemien og at me ikkje har hatt stort smitteutbrot i Hå. I tillegg er det heilt vesentleg at me har god økonomistyring i alle tenesteområda.

Resultat for drifta

Resultatet for tjenesteområda og sentraladministrasjonen etter bruk av og avsetning til fond viser eit samla mindreforbruk på 1 prosent. Dette utgjer 10,4 millionar kr av ei total netto budsjettramme på 1,08 milliardar kr.

Frie inntekter

Frie inntekter består av skatt, rammetilskott og inntektsutjamning. Summen av dette blei 1,08 milliardar kroner, ei auke på 1 prosent i forhold til budsjettet og 3,5 prosent i forhold til 2019.

Auken skuldast ekstra utbetalingar i samband med korona til smittevern, redusert foreldrebetaling og vedlikehaldsprosjekt. Skatteinngangen i Hå var 495,3 millionar kr og er 1 prosent lågare enn i 2019. For alle kommunar i Noreg samla gjekk skatteinngangen ned med 0,7 prosent. 

Skatteinngangen per innbyggar i Hå gjekk ned frå 83,3 prosent til 82,9 prosent av landsgjennomsnittet.

Investeringar og lånegjeld

Hå kommune sine brutto investeringsutgifter var på 247 millionar kr i 2020, ei auke frå 2019 på 31 millionar kr. Dei prosjekta som er avslutta i 2020 er godt innanfor løyvingane sine. Det største prosjektet i 2020 var utbygga på Varhaug skule. 

I 2020 er 37 prosent av investeringane finansiert ved lån. Kommunen si ordinære lånegjeld var på 1,158 milliardar kr ved utgangen av 2020. Auken frå 2019 er 18 millionar kr og gjeld per innbyggar har auka til 60 630 kr. 
81,8 millionar kr av netto driftsresultat er brukt til investering. Dette gjer at me ikke å brukar av fond som me hadde budsjettert med.

Disposisjonsfond

Samla disposisjonsfond ved utgangen av 2020 utgjer 248 millionar kr, noko som tilsvarer 15,8 prosent av brutto driftsinntekter. I tillegg kjem overskotet for 2020 som blir på 26,6 millionar kr.

I ny kommunelov §14-9 er det grunnleggande prinsippet om at ordinær drift bare skal bli finansiert av løpande inntekter blitt lovfesta. Blir rekneskapen gjort opp med mindreforbruk (overskot) skal dette settast av på disposisjonsfond. Hå kommune har derfor sett overskott for 2020 på 26,6 millionar kr. på disposisjonsfond (til seinare bruk, til dømes til investeringar).

Vidare prosess

Årsmelding og årsrekneskap for 2020 er planlagt handsama i formannskapet 27. april og i kommunestyret 6. mai 2021.