Netto driftsresultat på 57,7 millionar kroner

Den førebelse rekneskapen for Hå kommune viser eit netto driftsresultat på kr 57,7 millionar som er 3,9 prosent av brutto driftsinntekter. 

Dette er eit godt resultat som viser at tenesteområda klarer å levere gode tenester under strammare økonomiske rammer. Arbeidet med omstilling og effektivisering viser igjen på dei økonomiske resultata. Både leiarar og medarbeidarar gjer ein stor innsats i dette arbeidet, seier rådmann Anne Berit Berge Ims.

 

Netto driftsresultat

Netto driftsresultat blir på 3,9 prosent, som er 2,9 prosentpoeng høgare enn budsjettert netto driftsresultat. Dette skuldast i hovudsak auka inntekter og mindre forbruk på tjenesteområdene og auka skatt/rammetilskot.

 

Resultat for drifta

Resultatet for tjenesteområda og sentraladministrasjonen etter bruk av og avsetning til fond viser eit samla mindreforbruk på 1,4 prosent. Dette utgjer 14,5 millionar kr av ei total netto budsjettramme på 1,05 milliardar kr.

Gjennom Framtidsløftet, som er kommunen sin strategi for forenkling, fornying og forbetring, har organisasjonen tilpassa seg den nye økonomiske kvardagen. Dette viktige arbeidet vil fortsette i 2019. Som varsla i 2. tertial blei det eit meirforbruk innan skule og barnehage.

 

Frie inntekter

Skatteinntektene blei 475 millionar kr i 2018, noe som er 3,5 millionar kr høgare enn regulert budsjett. Auken frå 2017 er 1%, men per innbyggjar er skatteinntektene i Hå berre 82,5% av landsgjennomsnittet. Sidan skatteveksten i landet blei ein god del høgare enn opphaveleg budsjettert frå Finansdepartementet fekk Hå meir inntektsutjamning enn budsjettert

Samla resultat for frie inntekter (skatt, rammetilskott og inntektsutjamning) blei til saman 979,2 millionar kr, dette er 8,7 millionar kr høgare enn budsjettert.

 

Investeringar

Hå kommune har redusert investeringsnivået i forhold til dei seinare åra, og brutto investeringsutgifter var på 289 millionar kr i 2018. Auken i forhold til budsjett skuldast meir investering i flaumsikring og endra prosjektgjennomføring. Dei prosjekta som er avslutta i 2018 er godt innanfor løyvingane sine.

Kommunen si ordinære lånegjeld var på 1,142 milliardar kr ved utgangen av 2018. Dette er same nivå som i 2017 og gjeld per innbyggar er no 60 630 kr.

 

Disposisjonsfond

Samla disposisjonsfond ved utgangen av 2018 utgjer 225 millionar kr, noko som tilsvarer 15,4 prosent av brutto driftsinntekter. Dette er utan overskotet for 2018 som blir på 35,6 millionar kr.

 

Vidare prosess

Årsmelding og årsrekneskap for 2018 er planlagt handsama i formannskapet 30. april og i kommunestyret 9. mai 2019.

 

Pressekontaktar:

Rådmann:       Anne Berit Berge Ims, tlf  992 69 387

Økonomisjef:  Bente C Iversen, tlf  481 42 761