Viktig melding

Lukk meldinga

Nedlegging av minnesmerke

13. juni kl 13 blir det lagt ned ein "snublestein" for jøden Ludwig Melzer på Ogna.

Mellom 1938 og 1945 blei meir enn seks millionar jødar drepne i Holocaust. Eitt av offera var Ludwig Melzer (1886-1942)  som budde på Ogna.

Bilde av L.Melzer frå K.-I. GjesdalLudwig Melzer var jøde og fødd i Bøhmen i nåverande Tsjekkia. Han var utdanna kjemiingeniør. Melzer kom fyrst til Norge i 1920-21 og var driftstyrar på fabrikken AS Sjøtang eller «Tanginen» som fabrikken vart kalla på folkemunne. Han blei god venn med Christian Nielsen, bestyrar ved Jæren Elektrisitetsverk på Ogna og budde på garden til Hans Kvianes.
I mars 1921 gjekk Sjøtang A/S konkurs og utan arbeid måtte Ludwig reisa tilbake til Bøhmen. Etter ein periode i heimlandet kom Ludwig tilbake til Noreg som politisk flyktning via London i mai 1939. Tilbake på Ogna fekk Ludwig jobb som driftsleiar for det nyoppretta aksjeselskapet A/S Ogna fabrikker, som dreiv både med tare- og korkindustri. Sidan han var jøde blei Ludwig arrestert på fabrikken i oktober 1942. I november same året var han ein av 529 jødar som ble sendte med skipet DS Donau frå Oslo til konsentrasjonsleire i Tyskland og Polen. Melzer blei gassa ihel i konsentrasjonsleiren Auschwitz.

Ca. 1941-Ludwig Adolf Melzer sagar ved på Ogna med Mikala Nielsen (f. Kjellberg) med tømmerstokk bak«Snublesteinar» er minnesmerke over offer for nazismen under andre verdskrigen og kunst i det offentlege rom. Kvar stein er utforma som ein brustein og vert lagt ned i gata. Det var kunstnaren Gunter Demnig som sette i gang prosjektet. Prosjektet starta i 1994 og så langt er det lagt ned nærare 70 000 snublesteinar over heile Europa. For meir informasjon, sjå www.snublestein.no

For at Melzer og historia hans ikkje skal verte gløymt, vil Hå kommune i samarbeid med Hå historielag og Jødisk museum i Oslo legga ned ein «snublestein» ved Ogna skule/ Ogna bibliotek. I samband med dette vert det ei offisiell markering torsdag 13. juni kl 13.00.

Program

Kl 13.00- 14.00
 

Utanfor inngongen til Ogna skule:

  • Tale ved ordførar Jonas Skrettingland 
  • Dag Kopperud frå Jødisk Museum i Oslo presenterer snublesteinsprosjektet
  • Kunstnar Gunter  Demnig  støypar snublesteinen ned  i asfalten utanfor Ogna skule 
  • Nedlegging roser på minnesmerket
  • Bidrag frå Ogna skule
  • Musikk ved Hå kulturskule ved Ragnvald Wernøe og Lars Ole Bergersen

Inne i Ogna bibliotek:

  • Ny utstilling om Melzer. Produsert av Hå gamle prestegard
  • Nytt hefte om Ludwig Melzer. Utgjevar Hå historielag

Kl 15-16:

  • Føredrag: «Jødene i Rogaland» ved historikar og forfattar Frode Sæland