Viktig melding

Lukk meldinga

Nå opnar fugleparken på Nærbø – men det er ikkje lov å mata fuglane

Bilde frå Nærbøparken. - Klikk for stort bileteNærbøparken er open for publikum frå 1. juni.

I desember vart det påvist fugleinfluensa i Nærbøparken, også kalla fugleparken på Nærbø. Parken vart derfor stengd til midten av januar, og alle tamfuglane måtte avlivast.

Allereie i februar måtte parken stenga igjen, og har vore stengd sidan det. Nå har Hå kommune – i samråd med fagekspertisen i Mattilsynet – kome fram til at 1. juni vert portane igjen opne for publikum.

Det er viktig å understreka at det ikkje er tillate å mata fuglane i parken. Dette for at me ikkje ønsker å tiltrekka oss meir fuglar enn dei som har naturleg tilhald der.

Hå kommune har per dags dato ingen planar om å innføra tamme fjørfefuglar igjen i Nærbøparken.

Les meir om fugleinfluensa på nettsidene til Mattilsynet