Viktig melding

Lukk meldinga

Mor har makta til å auka valdeltakinga på Jæren

Kommunane på Jæren vil heia fram jærske mødre til å bruka superkrafta si før valet den 11. september. Forsking viser nemleg at det er mødrene som har størst innverknad på om barna deira stemmer eller ikkje.

- Mor betyr aller mest, og far kjem like etter. Så kva me får med heimefrå, betyr veldig mykje for om me stemmer, seier valforskar ved Københavns Universitet, Kasper Møller Hansen.

Inn med morsmjølka

Ei mor ammar sitt barn.  Det står Stem på brystet hennar. - Klikk for stort bilete

Viss mor di brukar stemmeretten sin, er det nesten ein tredjedel større sjanse for at du som er mellom 18 og 21 år gjer det same.
 
- Barna lærer å stemma av foreldra sine. Om barna får vera med på valdagen blir det å stemma noko naturleg, noko du får inn med morsmjølka. Det hjelper også å stemma saman med nokon, fordi det å stemma er ei sosial handling. Andre ting som spelar inn, er utdanning, jobb og kven du bur med, seier valforskaren.
 
Statsvitar Svein Erik Tuastad ved Universitetet i Stavanger, stadfester kor viktig foreldra er i valdeltakinga:
-Tommelfingerregelen er at dersom foreldra stemmer, er det større sjanse for at barna stemmer. Når ungdommane flytter vekk for å studera, så synker ofte valdeltakinga. Då er avstanden til mor og far større, og dei er lengre vekke frå påverknaden til å gå og stemma, seier Tuastad.

Gjer som mora di seier

Ei mor har spraya "Stem" på grasballar. - Klikk for stort bilete

Kommunane på Jæren lanserer i desse dagar ei kampanje med mor i spissen, for å auka valdeltakinga. Her har flerie mødre vore kreative i måten dei fortel sine unge og håpefulle om at dei skal stemma. Nokre har skrive "Stem" på maten dei lagar, medan andre har uttrykka seg på andre måtar. 
 
- Mødre er fantastiske lærarar og gode rollemodellar. Me ønsker å heia fram jærske mødre slik at dei veit kor viktige dei er for barna sine og samfunnet. Me håper at alle mødre på Jæren vil inspirera barna sine til å delta i valet og ta ansvar for framtida, seier Trude Høyland, valansvarleg i Hå.

Vil auka valdeltakinga

Valdeltakinga ved forrige kommunestyreval i Time, Klepp og Hå var høgare enn landsgjennomsnittet. I 2019 var valdeltakinga for kommunestyrevalet i Time 69,6 prosent, i Klepp 65,5 prosent og i Hå 65,5 prosent. Valdeltakinga i fylkestingsvalet var lågare.

- Me håper at mødre med barn som studerer i andre byar, vil heia ekstra på desse slik at dei går og førehandsstemmer der dei er, seier Karin Sandve Vereide, valansvarleg i Klepp kommune.
 
- Det er viktig å stemma fordi det er slik me kan påverka kva slags samfunn me vil ha. Å stemma er ein måte å visa at du bryr deg om framtida di, og framtida til dei du er glad i, seier Tone Storesætre, valansvarleg i Time kommune.