Viktig melding

Lukk meldinga

Minneord om Tobias Skretting

Då Tobias Skretting (18.4.1936 – 12.3.2020) gjekk bort, mista Hå kommune og Jæren ein av sine viktigaste kulturberarar.

Spora etter Tobias er djupe. Han var bonde, lokalpolitikar og to år også ordførar. Men det var som kultur- og språkmann han var mest synleg.

Tobias Skretting tok initiativet til å få oppretta eige kulturstyre i Hå kommune, som eitt av dei første i landet. Han var leiar i fleire periodar. Han var også ei av drivkreftene bak opprettinga av Jærmuseet på Kvia, og var nestleiar i styret. Også der i fleire periodar.

Tobias var tilsett om kulturvernleiar i Hå kommune i ei årrekke. Han bygde opp Hå bygdmuseum, som i dag er konsolidert med Jærmuseet, og la eit solid grunnlag for den første kulturminnevernplanen til Hå kommune. Ein plan som sidan vart ein mal for mange andre kommunar sine planar.

I kulturvernet var han ingen paragrafryttar, men oppteken av det som var mogleg å få til. Det viktigaste var å få huseigarane med på lag. Om det ikkje var hundre prosent antikvarisk rett, betydde ikkje alltid så mykje. Det gjekk det an å gjere noko med seinare. Han var uformell i si tilnærming. Han køyrde rundt og besøkte hus og gardar, drakk kaffi og snakka med folk. Han var ikkje den som heldt flammande innlegg for kulturvernet på desse besøka. Han lytta og med få ord, på ein roleg og bestemt måte, fekk han sådd tankar om korleis husa burde takast vare på. Vern gjennom bruk var viktig for Tobias. Han var ikkje byråkratisk, men likevel svært grundig med å dokumentere desse besøka. Han skreiv notater etter kvart besøk, der han beskreiv huset sin tilstand og det som han og huseigar hadde snakka om. Desse notata var til svært god nytte for arbeidet med den første kulturminnevernplanen, som andre skulle føre i pennen.

Tobias Skretting var ordførar då Kong Harald og Dronning Sonja vitja Hå kommune i samband med ny vigsling av Ogna kyrkje 5. juni 1995. Mange hugsar delar av Tobias sine talar frå denne dagen. Etter seremonien i kyrkja var det middag på Hå gamle prestegard. Dronninga fekk smykker av perler frå Hå-elva. Ring og øyrepynt, med desse orda av ordføraren: «Eg vil i all ærbarhet be dronninga ta imot desse perlene som ei smålåten kjærleiksgåve frå meg, og frå folket i Hå kommune på Jæren. Ei dronning treng vel også kvardagssmykke, og det er mi von at perlene vil verta nytta og at dei då vil minna dronninga om den ringen av kjærleik og varme som omsluttar kongehuset frå innbyggjarane i Hå, og frå heile det norske folket». Dronninga var synleg rørt av gåva og orda som følgde med.

Ved middagen på prestegarden hugsa han også tilbake til ungdomstida si, då eit tog med Kong Haakon drog over Jæren. Alle var ute for å få eit glimt av kongen når toget for forbi. «Men det var i ei tid då kongen var like viktig som Gud, ja kanskje meir», sa Tobias. Det vart ledd og kremta, biskopen sat litt lenger oppe ved bordet. «Unnskyld», sa Tobias, «eg gløymde at du var her». Eit godt døme på den lune humoren hans.

Tobias Skretting hadde spalteplass i Jærbladet, Stavanger Aftenblad og Bondevennen. Lange artiklar finst det i årbøkene til Jærmuseet. Han skreiv kåseri, prologar, føredrag og revytekstar. Fleire av dikta hans vart gitt ut som viser med lokale musikarar i to cd`ar, Lappeteppe 1 og 2. Mange hugsar den vakre «Blom i is» eller «Synesvarden blues». Tobias starta i mannskoret Frimenn i 2003, og vart opplevd som ein humørspreiiar i koret. Mange av dei visene koret syng, er hans. Han var med Frimenn siste gong på konsert i Undheim kyrkje 4. mars i år.

Tobias Skretting ga ut fleire bøker med ulike tekstar, vers og stubbar, mellom anna «Ljose dagar»(1994), «Attemed ånå»(1996) og «Tenk – kvist på Jererudlå!»(2004), fylde med daglegdagse tankar, jordnære observasjonar, livsvisdom og spark her og der. Han hadde også sine meiningars mot og kunne til tider vere kontroversiell og uredd. Hans eigen kommentar til den politiske karrieren var: «Eg passa ikkje heilt til det å vera ordførar. Kompromiss er ikkje noko for meg, og det skil mykje på at eg alltid er diplomatisk».

Hovudverket hans må seiast å vere «Jæren syng i merg og minne – Mitt eige morsmål, slik eg har høyrt det og brukt det», som kom i 1998. I 15 år hadde han notert ord og uttrykk frå daglegtalen på Jæren.  Då han fekk systematisert alle notat og lappar, vart det 5000 ord og uttrykk av det. Sjølv kalla han det ein mellomting av ordbok og bygdesoge. Ord og uttrykk om arbeidsmåtar og handverksformer fekk sin plass, det same med jordbrukstradisjonar og husflid. Denne boka fekk stor merksemd, med rette, det er ein dokumentasjon på jærsk språk og kultur etter 1800.  Boka er mange bøker i eitt; Ein sjølvbiografi, ei jærsk kulturhistorie, ein sosiologisk studie, ei halv diktsamling og eit par barnebøker med blant anna tradisjonelle rim og reglar, sa Tor Obrestad. Han kalte boka ei gullgruve, ei makalaus klassisk bok.

I ein artikkel frå 1988 skriv Tobias Skretting: «Kultur er ei skøyr, tunn hinne over menneske sitt liv på jorda», derfor gjeld det å verna denne kulturen for å skapa «ei forståing av det verdifulle i kunnskap om våre eigne røter, både som basis for livet i dag og som noko som har eigenverdi. Eit fullverdig vellukka kulturvernarbeid sameinar vørnad for fortida med rikdommen i vår eigen kultur og omtanke for framtida».

Tobias Skretting fekk Hå kommune sin kulturpris i 1998, Rogaland fylkeskommune sin kulturpris i 2003 og Kongens fortjenestemedalje i sølv i 2009.

 

«Når mi sol går til ro bak ein perlestrødd veg/der dei gamle ligg gløymde og kjyrt

skal eg kvila til slutt etter moldtunge steg/under solblom og eviggrøn myrt.

Der bak krossmerka lykt kan eg sovna inn trygt/i den bygda me saman har odla og bygt.

Og der jærhimlen tonar sin havsalte sang/over heimbygdas fredlyste fang».

(Frå «Alternativ sjølvmelding» 2000)