Det er påvist eit meslingetilfelle i Hå. Me har kontroll på kvar smitten kjem frå og personar som har vore i kontakt med den smitta.
Det er difor ikkje grunn til å mistenkja at det foreligg uttalt smittefare i kommunen. Skulle du få feber og utslettsjukdom som du er i tvil om anbefaler me å kontakta legevakt eller legekontoret ditt for drøfting.
Me anbefaler dei som ikkje er vaksinerte å sørga for å ta vaksinen, spesielt uvaksinerte born.
Alle som er født i 1970 eller seinare har fått denne i vaksinasjonsprogrammet. Før 1960 var dette ein vanleg sjukdom som ein vil vera naturleg immun for.
Sist endra 27.08.2019 14.29