Det skal vera lett å få tak i den informasjonen du treng om kommunen din, men er det alltid det?
Hå kommune treng di hjelp til å forbetra og digitalisera tenestene våre. Finn du lett fram til det du leiter etter? Får du mange papirskjema som kunne vore digitale? Korleis ønsker du å bestilla utleigelokale, time i Stampen eller time hjå ein av våre rådgivarar? Er det elles noko du synest er tungvint?
Me er alltid opptekne av å finna dei beste løysingane, og ønsker dine innspel.
Her kan du melda inn dine forslag