Viktig melding

Lukk meldinga

Me sponsar pizza om du inviterer vennar heim for å snakka om omsorg

 Her kjem eit unikt tilbod til deg som er interessert i korleis kommunen tek vare på eldre, demente og innbyggarar med ei funksjonshemming.

Me sponsar pizza og gir deg sjansen til å bli med på å bestemma korleis innbyggarar kan leva gode liv til tross for funksjonsnedsetting og sjukdom.

Det einaste du treng gjera er å invitera vennar eller familie som er interesserte i det same heim til deg.

Me har nokre spørsmål de skal svara på, og har lyst til å gjera det enkelt for deg som vil vera vert. Du får pizza til å servera og nokre planar de skal kikka på saman. Det kjem ingen frå kommunen i selskapet. De skriv ned svar på spørsmåla og sender til oss. Me tek med oss innspela i det vidare arbeidet med ny kvalitetsplan for omsorg. Me har pizza til dei ti første som melder seg. Meld deg ved på til servicetorg@ha.kommune.no.