Viktig melding

Lukk meldinga

Me søker morsmålsassistentar til barnehage og lærarar til innføringsklassar

Me gjer oss klare for å møta barna frå Ukraina på ein god måte. 

Derfor startar me opp med open barnehage for flyktningar neste veke, og undervisning og norskopplæring for flyktningar rett etter påske. Til dette søker me etter fleire gode folk. Me har både behov for:

  • Morsmålsassistentar til open barnehage som kan både norsk og ukrainsk
  • Lærarar til innføringsklassar med særskilt språkopplæring

Kjenner du nokon som kan passa til desse jobbane?

Tips dei om å lesa meir og å søka her: www.ha.no/stilling