Viktig melding

Lukk meldinga

Matavfall minus hageavfall = sant

Frå 1. januar 2024 kan du ikkje kasta hageavfallet i den brune matavfallsdunken.

Kvinne i en haug med hageavfall - Klikk for stort bileteFagleiar Gunn Iren Årsland ved Hå gjenvinningsstasjon tek imot hageavfall.

Maskinane i IVAR-anlegget på Grødeland klarer ikkje å handtera greiner, mold og hagerask, og den brune dunken din kan dermed ikkje tømmast dersom du kastar slikt oppi.

Kva skal du gjera med hageavfallet?

  1. Det mest miljøvenlege alternativet:

Du kan laga deg eit hjørne i hagen der du kaster molda, plengraset og ugraset, og etter ei stund får du god jord i betaling.  

2. Pytten-alternativet

Alternativt kan du fylla ein hagepose (eller IKEA-pose) med hagegrapset ditt og levera det gratis  ved Hå gjenvinningsstasjon (Pytten) på Nærbø. I hagesesongen vert det truleg eit tilbod i Stokkalandsmarka også.

Kor skal potteplanten hen?

Den visna og stakkarslege potteplanten skal kastast i restavfallet. Det same skal den uttorka juledekorasjonen. Er du usikker på kor du skal sortera fleire liknande ting, eller treng du ganske enkelt tips til ein god quiz på nyåret, kan du sjekka ut www.sortere.no

 

Kvifor tilbyr ikkje Hå kommune ein ny hageavfallsdunk?

Først og fremst fordi me er så heldige at me har vår eigen gjenvinningsstasjon i Pytten.  Dessutan ønsker me ikkje at avgiftene på renovasjon skal auka for deg som innbyggar ved å innføra ei ny henteordning.