Laurdagsbading i Stampen frå 7. september
Neste veke opnar Stampen igjen etter sommaren, og me har fleire kjekke nyheiter til deg som likar å bada!
Nyheiter denne sesongen:
- Frå 7. september blir det familiebading også på laurdagar.
- Fleire av timane for familiebading er utvida til 90 minutt.
- To nye timar: Tysdagar for menn og onsdagar for damer.
- Stampen følgjer ikkje lenger skuleruta, så du kan bade i haustferien, vinterferien og på planleggingsdagar.
Det er ingen tvil om at bading i Stampen er populært, og me håpar desse endringane vil gi eit endå betre tilbod til alle. Nokre timar har fått nye tidspunkt, så hugs å ta ein ekstra sjekk når du bestiller billett.
Billettane for hausten er ute nå! Me oppfordrar til å ikkje hamstra billettar langt fram i tid.
Kjøp billett her
Sist endra 15.08.2024 09.38