Det er ein siger både for miljøet og for økonomien å redusera lekkasjen på drikkevannsforsyninga. Hå kommune har jobba systematisk, og kunne feira nok eit år med oppnådd låg lekkasjeprosent.
-Den låge prosenten er eit resultat av målretta satsing og fokus frå dei tilsette gjennom fleire år på å oppdaga og lukka lekkasjar på leidningsnettet, seier leiar for teknisk drift, Hermund Haugland.
15 prosent er ein nedgang frå året før som hadde 17 prosent lekkasje. I 2019 var lekkasjeprosenten 23.
Hå kommune eig og driftar 313 kilometer vannleidningar, så det er eit omfattande overvakingsarbeid som pågår for å hindra at verdifulle vannressursar går til spille.