Heimtun skal vera ein samlingstad for eldre. I tillegg husar Heimtun i dag heimebaserte tenester på Nærbø, dagavdeling, nattpatruljen, Lindring i Hå, og frå 1. oktober også kvardagsrehabilitering. Det er eige kafélokale som vert nytta av frivillige på dagtid.
Tilbodet til eldre har økt ved Heimtun det siste året. Ein aktivitetsleiar som jobbar i dagavdelinga har ansvar for det frivillige arbeidet på dagtid. Aktivitetsleiar har etablert kontakt med fleire frivillige, og ho koordinerer alle aktivitetane som blir tilbydt.
Per i dag har me desse tilboda ved Heimtun:
- Kafé 2 gonger i veka, (derav musikk-kafé 2 gonger i månaden).
- Trening med fysioterapeut 1 gong i veka.
- Bingo 1 gong i månaden.