Viktig melding

Lukk meldinga

Kongevegen i Hå

Har du enno ikkje gått Kongevegen i Hå så er dette ei ekstra fin tid å oppleva vegen på.

Kongevegen stammar opphaveleg frå 1636 då Kong Kristian IV sende bod om utviding av gamle ridevegar til køyrevegar. Men trasèar mellom gardane på Jæren har alltid eksistert som ferdselsårer for folk og fe, så vel som for frakt av grøden. I dag er Kongevegen i Hå stengt for vanleg trafikk, men fungerer ofte som arbeidsveg for bøndene som driv dei omkringliggande gardane. I tillegg lèt grunneigarane friluftsentusiastar nytta vegen til ferdsel og naturopplevingar.

Takk

Kulturvern og landbruksavdelinga i Hå kommune samarbeider tett opp mot gode løysinger for å auka tryggleiken langs Kongevegen. Vegen blir ivareteken av grunneigarane som blant anna tettar hol og lør opp steingardane som fell ned. Blant desse er bonden Håkon Varhaug, som har drive gard her sidan år 2000. Me treff han midt under våronna, ei tid kor det er travelt på gardane samstundes som fleire turgåarar beveger seg langs Kongevegen.

Me vil nytta høve til å takka Håkon og dei andre grunneigarane som tek vare på vegen og dei flotte steingardane som omkransar han, og som legg til rette for at publikum og friluftsentusiastar kan få nytta vegen og ta del i det flotte kulturlandskapet. Så er det ekstra viktig at ein som turgåarar hugsar at ein må vere ekstra obs og følge med når ein går på tur her. Bonden har ikkje lyst til at nokon skal koma til skade, så ver gild og trekk til sida og la Doffen og dei andre arbeidsmaskinane koma fram. Er det ikkje mogleg å gå til sida så vent i ei lomme lenger framme til landbruksmaskina har passert. Lat arbeidsmaskinane passera, så dei får komt seg på jobb.

 Boktips

Til sist eit turboktips: Boka «Kongevegen i Hå» av Hanne Thomsen (2005) er ein skatt for den som vil lære meir om opplevingane langs den populære strekninga. Boka finn du i bokhandelen på Hå gamle prestegard.

God tur!