Sundag 9. mars:
Vatnet er friskmeldt. Prøvane på drikkevatnet i Rosk- og Urheiområdet viser seg å vera fine, og kokevarselet er dermed oppheva.
Fredag 7. mars:
Som ein følge av bruddet på vannledningen på Herikstad tidlegare fredag, er det sendt ut melding om å koka drikkevatnet for abonnentar på Rosk og Urhei. Det gjeld innbyggarar innan for dette området:

Dei det gjeld skal ha fått SMS-varsel om situasjonen.
Kor lenge gjeld kokevarselet?
Drikkevassprøvar må analyserast og godkjennast før vatnet blir friskmeldt. Det kan fort ta to-tre døgn. Hå kommune melder i frå så snart vatnet er friskmeldt.
Kva inneber eit kokevarsel?
Her er meir informasjon frå Folkehelseinstituttet om det å koka vatn:
FHI råd om kokevarsel
For resten av innbyggarane:
Vatnet kan smaka litt klor
Bruddet på IVARs hovedvassledning kan føra til at alle innbyggarar i Hå i nokre dagar kan oppleva klorlukt og endra smak på vatnet. Til tross for eventuell lukt og smak, er vatnet trygt å drikka (utanom dei som har fått kokevarsel). Grunnen er at IVAR tek i bruk ei reservevasskjelde.