Klipp hekken før skulestart

Mange skulebarn skal ut og gå langs vegar og fortau nå snart. Hugs å sørga for at hekk og buskar vert klipte ned på eigedommen din.

Hovudregelen er at buskar, gjerde, murar og hekkar ikkje skal vera høgare enn 50 cm ved avkøyrsel og kryss. Dette for å sikra nødvendig frisikt.

Me håpar at du sjølv tek initiativ til dette.

Ta gjerne kontakt med kommunen dersom du treng meir informasjon.

E-post: teknisk@ha.kommune.no

Fylkesveg eller kommunal veg?

Hugs at vedlikehald langs fylkesvegane er Rogaland fylkeskommune sitt ansvar.

Send gjerne ei melding til firmapost@rogfk.no