Viktig melding

Lukk meldinga

Klarspråkpris til Hå kommune

KS Hå kommune fekk klarspråkprisen for kommunar og fylkeskommunar 2018!

Juryen har lagt vekt på korleis me gjennom fleire år har jobba systematisk for å forbetra språket i tekstane våre. Me tener alle på å forstå kvarandre betre, og denne prisen gir oss motivasjon til å jobba vidare for å få mindre "hæ" i Hå.

Ordførar Jonas Skrettingland mottok i dag prisen av kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland i Oslo konserthus. Marianne Espedal Boge og Hilde Eidsaa Bjorland heldt etterpå eit innlegg der dei presenterte klarspråkarbeidet i Hå kommune.

Les meir om prisen på språkrådet sine nettsider

Juryen si grunngjeving:

Det er tredje gongen Kommunal- og moderniseringsdepartementet deler ut ein eigen klarspråkspris for kommunesektoren. Prisen går til ein kommune eller fylkeskommune som har lagt ekstra vinn på å bruke eit klart og godt språk.

Årets vinnar er ein kommune som har arbeidd langsiktig og systematisk, som har høge ambisjonar og eit stort engasjement. Kommunen har lagt ein plan og følgt han. Klarspråk er integrert i alle einingar, og kommunen er i ferd med å endre heile kulturen. Her får ikkje berre nytilsette, men også politikarar kurs i klarspråk. Dette gjer at språkarbeidet er forankra også utanfor den administrative leiinga.

Nettsidene til kommunen er enkle å bruke. Nødvendig informasjon ligg lett tilgjengeleg på sidene, og brukarane får svar på spørsmåla sine utan å leite. Kommunen har arbeidd grundig og gjennomført med vedtak og standardbrev, og juryen fekk ei wow-oppleving av å sjå kor godt desse tekstane fungerte.

Juryen er imponert over at ingen i kommuneadministrasjonen har måtta bli frikjøpte for å kunna arbeide med språk. Kommunen har fått mykje ut av lite. Juryen lét seg sjarmere av prosjektet HÆ?, der målet er at det skal bli mindre «hæ» i Hå.

Klarspråksprisen for kommunar og fylkeskommunar går til Hå kommune.