Jan Gunnar Mattingsdal (1987) har tatt imot tilbod om stilling som kommunalsjef i tekniske saker og næring i Hå kommune.
Mattingsdal kjem frå stilling som både plan- og forvaltningssjef og assisterande kommunalsjef i tekniske saker og næring i Hå kommune. Han er utdanna ingeniør frå Universitetet i Stavanger med tilleggsutdanning innan plan- og bygningsrett.
Jan Gunnar Mattingsdal seier i ein kommentar at «eg gleder meg til å starta i stillinga og ser fram til samarbeid med gode kollegaer, politikarar og næringsliv i kommunen».
Kommunedirektør Anne Berit Berge Ims seier at ho er veldig godt fornøgd med at Jan Gunnar Mattingsdal har takka ja til stillinga. Med si erfaring som både plan- og forvaltningssjef og assisterande kommunalsjef i Hå kommune har han fått god opplæring frå kommunalsjef Anne-Kristin Gangenes dei siste to åra.
Dette, kombinert med tidlegare jobb som engineering lead ved Aker Solutions sitt verft i Egersund og tolv års erfaring frå det å vera folkevald i fylkeskommunen, samt fire år i kommunestyret i Hå kommune, gjer Mattingsdal til ein komande kommunalsjef med brei erfaring frå offentleg forvaltning og god planfaglig kompetanse.
Jan Gunnar Matttingsdal starter i stillinga 1. juni.